Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Innfrir Kulturløftet: 1 prosent av statsbudsjettet i 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Vår regjering lova at innan 2014 skulle ein prosent av statsbudsjettet gå til kultur. No innfrir me lovnaden, seier kulturminister Hadia Tajik.

- Vår regjering lova at innan 2014 skulle ein prosent av statsbudsjettet gå til kultur. No innfrir me lovnaden. Dette gjev slagkraft og økonomiske musklar til kulturlivet. Det legg eit viktig grunnlag for å gjere kunst og kultur tilgjengeleg for stadig fleire, og å heve kulturen sin status som samfunns- og politikkområde, seier kulturminister Hadia Tajik.

Budsjettframlegget for 2014 inneber ein samla auke til Kulturløftet på 840 millionar kroner (8,4 prosent) frå 2013. I perioden 2006–2014 har løyvingane til kulturformål auka med til saman 5,7 milliardar kroner. Det inneber meir enn ei dobling av statlege midlar til kultur.

Kulturløftet

- Kultur er heilt naudsynt for eit samfunn som legg vekt på demokrati, fellesskap, ytringsfridom og utvikling. Vi treng kultur som utfordrar og får oss til å strekkje oss – som individ og i fellesskap. Samstundes er kulturen sin eigenverdi udiskutabel. Me ynskjer at alle som vil det, skal ha høve til å skape uttrykk og få inntrykk, og at alle har tilgang til opplevingar og høve til sjølv å skape kultur, seier Tajik.

Graf over Kulturløftet fra 2006-2014
(Illustrasjon: KUD)

 

Til toppen