Historisk arkiv

Innlegg på elbil-seminar, Lærdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

5. september 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på elbil-seminar i Lærdal, 5. september 2008.

Godtfolk!

Tusen takk for invitasjonen til å kome hit i dag. Det er sjølvsagt stas for meg å kome hit og snakke på heimebane om noko som er så positivt og framtidsretta som el-bil. Lærdal har jo lenge vore ein føregangskommune på dette området, noko eg passar på å fortelje ofte om der borte i ”bydn”. Eg er som samferdselsminister sjølvsagt veldig stolt av Lærdal kommune satsar på klimaarbeid og difor har investert i ein elbil  – som eg elles sjølv har hatt gleda av å prøvekøyre. Det blir spennande å sjå korleis dette går. Så vidt eg skjønar er erfaringane til no positive. Lukkast prosjektet, vil det bli mange elbilar i kommunen dei neste åra. Eg trur dette prøveprosjektet er noko andre  kommunar og verksemder kan ha stor interesse av å få vite meir om, og tykkjer difor det er særs positivt at ein har teke initiativ til dette seminaret.

Klimautfordringane
For å skjøne kvifor elbil er viktig og bra, må me byrje med ei større og mindre hyggeleg historie. Klimaendringane har blitt ein gjengangar på dagsordenen dei siste åra. Eg trur kanskje 2007 var året då klimaendringane for alvor vart noko alle diskuterte, både i lunsjpausen på jobb og i familieselskapet. Me skjønar alle at den globale oppvarminga er eit alvorleg trugsmål, og at kvar enkelt av oss – i tillegg til offentlege styresmakter - må gjere alt me kan for å stogge utviklinga. Dette er noko som ikkje minst vil prege min sektor i åra framover, me er nøydde å gjere ein gradvis grøn vriding av transportpolitikken. Dei siste tiåra har det vore ei kraftig auke i klimagassutsleppa frå samferdslesektoren. Frå 1990 til 2005 auka CO2-utsleppa frå vegtransporten med over 25 prosent, og utsleppa frå veg står no for 1/4 av dei nasjonale utsleppa.

Fram til 2020 trur forskarane at utsleppa frå vegtransport og luftfart vil vekse med nesten 40 prosent – dersom ikkje nye tiltak blir gjennomførde. Dette er me nøydde til å ta på alvor. Veksten i utsleppa skuldast i hovudsak transportveksten, sjølv om dei fleste transportmidla har blitt meir energieffektive. Transportutviklinga heng saman med den økonomisk veksten, som har resultert i eit auka behov for både person- og godstransport. Utviklinga er såleis forklarleg og forståeleg, og heller ikkje så lett å snu i ei handvending. Likevel er det å redusere utsleppa tvingande naudsynt og krev innsats både frå sentrale og lokale styresmakter, bilbransjen og kvar enkelt samfunnsborgar. Det er dette regjeringa har laga ein plan for i klimameldinga, som eg no skal seie litt meir om.

Klimameldinga
I Klimameldinga presenterer regjeringa målet om at eksisterande og nye verkemiddel skal redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020 - i høve til det som ville vore tilfelle utan nye tiltak. Ein reduksjon på 4 millionar tonn tilsvarar omtrent nullvekst i utsleppa frå dagens nivå.

For å nå regjeringa sitt klimamål, er det heilt naudsynt med tiltak på eit breitt spekter av område – me er heilt nøydde å bryte samanhengen mellom auka velstand og auka utslepp. Dette betyr at me må gjere nokre grep for å redusere transportbehovet, for å få folk til å reise meir kollektivt og sykle meir, for å redusere energiforbruket per køyretøy og for å utvikle meir miljøvennlege energiberarar. Her kjem elbilen inn i forteljinga.

Elbilen kan bidra - Noreg har eit stort potensial
Elbilar som går på elektrisitet produsert frå fornybare energikjelder gir null utslepp av CO2, og har heller ikke lokale utslepp. I tillegg er el-motoren svært energieffektiv. Energieffektiviteten frå "tank til hjul" er 80 prosent i ein el-motor. Til samanlikning er den – i følgje Energibedriftenes Landsforening - på berre 15 prosent i ein forbrenningsmotor som brukar bensin eller diesel.

Det er også interessant å merke seg at Energibedriftenes Landsforeining meiner at elbilar som går på el produsert frå kolkraft er over 40 prosent meir energieffektive enn bensinbilar, om ein ser det frå eit såkalla  "brønn til hjul"-perspektiv. Det vil seie at me kan oppnå miljøvinstar ved å gå frå fossilt brensel til el – sjølv om elektrisiteten er produsert frå fossile energikjelder.

I Norge auka talet på elbilar frå om lag 1200 i 2004 til om lag 1500 i 2007. Veksten ser ut til å auke framover. I dag er elbilen et miljøvennleg alternativ først og fremst for familiar som ynskjer å erstatte bil nr.2, eller for dei som er avhengig av å bruke bil over kortare distansar, til dømes i storbyar. Mange vil kunne bruke elbil for å køyre ungane til barnehage og trening og for å handle. Utviklinga av betre batteri, større bilar og betre infrastruktur vil bidra til å auke bruksområda til elbilane framover, noko som òg vil føre til at ein vil sjå fleire elbilar på vegane i tida som kjem. I tillegg til at regjeringa sine verkemiddel – som eg straks skal kome attende til – fungerer som gulerøter som skal få folk til å velje elbil, er prisen på el under halvparten av prisen på bensin og diesel - målt etter energiinnhald.

I den norske kraftsektoren er delen av fornybare kjelder svært høg samanlikna med andre europeiske land. I tillegg har Norge to eigne elbilprodusentar - Think og ElbilNorge - som gjer det særs godt - også utanfor landet. For ikkje så lenge sidan las eg i Aftenposten at Think har  rundt 700 står på venteliste for å kjøpe elbil, medan Elbil Noreg har som mål å produsere over 300 elbilar i Oslo i 2008 – dette er rett og slett utruleg gode tal. Kombinasjonen av desse faktorane gjer at Norge har eit lovande utgangspunkt for å satse på elbilar drive av fornybar elektrisitet.

I tillegg vil me nær framtid få eit inntog av såkalla plug-in-hybridar, som kombinerer kraft frå el-motor og kraft frå ein ekstra motor (range extender). Denne ekstra motoren kan til dømes gå på konvensjonelt drivstoff, biodrivstoff, eller hydrogen. At bilbransjen satsar på elbilar og plug-in-hybridar er ein sterk drivar for utviklinga av den viktige batteriteknologien. 

Verkemiddel for å få folk til å velje elbil framfor konvensjonelle bilar
I Noreg er det tatt i bruk ei rekkje tiltak for å gjere elbilen til eit meir attraktivt val for bilkjøparar. Eg skal nemne nokre av desse:
- Elbilen vert rekna som eit nullutsleppskøyretøy og er difor friteke frå både eingongsavgift og årsavgift.
- Elbilen kan parkere gratis på offentlege parkeringsplassar og passere gratis gjennom bomringar.
- Alle elbiler kan køyre i kollektivfelt.
- Og ikkje minst – og dette er heilt nytt: Frå og med 2009 kan elbilar køyre gratis på riksvegferjer. Dette gjeld sjølve bilen og ikkje personane i bilen.
 
Aftenposten har tidligare skildra Oslo som verdas elbilhovudstad, eg håpar og trur desse tiltaka kan vere med på å gjere elbilen endå meir attraktiv og aktuell som alternativ bil for miljøbevisste nordmenn – også utanfor dei store byane. Nettopp difor er eg så glad for prøveprosjektet de her i Lærdal har sett i gang, og eg gler meg til å høyre om kva erfaringar de gjort dykk i dette året. Eg trur elbilen har kome for å bli, ikkje berre her i Lærdal, men i resten av landet, og at den vil bli ein av mange viktige verktøy i arbeidet med å gjere transportsystema våre meir miljøvenlege i åra framover.

Lukke til med konferansen og takk for meg!