Historisk arkiv

Innspelsmøte om havenergilovforskrifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet inviterer til innspelsmøte 23. september om moglege endringar i havenergilovforskrifta. Departementet vurderer å fastsetje kriterium som kan gje haldepunkt for å skilje mellom aktørar som er interesserte i det same området.

Havenergilovforskrifta, som vart fastsett ved kgl. resolusjon 12. juni i år, gjev meir detaljerte reglar for konsesjonsprosessen enn det som følgjer av havenergilova. I høyringa av departementet sitt forslag til forskrift kom det innspel om krav og kvalifisering av søkarar og klargjering av korleis departementet vil prioritere mellom meldingar.

Departementet sa seg samd i at det kunne vere trong for kriterium for å skilje mellom søkarar i tilfelle der prosjekta er nokså like. Slike kriterium bør eventuelt fastsetjast i forskrift. Fordi slike kriterium ikkje var del av forslaget som var på høyring, kunne det ikkje fastsetjast slike før evt. ny høyring. Departementet vurderer no å fremje eit forslag om tillegg til forskrifta som gjeld dette, som må sendast på alminneleg høyring før evt. endring av forskrifta.

I samband med dette arbeidet ønsker departementet innspel på kva endringar og tillegg i havenergilovforskrifta som vil vere føremålstenleg for å gje departementet fleire haldepunkt for å skilje mellom søkarar som er interesserte i å utvikle prosjekt på same areal.

Departementet er klar over at det er ønske om å drøfte også andre tilhøve, mellom anna støtteordningar, enn det som er skildra over. Av omsyn til effektiv tidsbruk, og for at departementet skal få gode innspel til det arbeidet som no er aktuelt, ber vi om at innspela held seg til saka.

Innspelsmøtet blir halde som eit videomøte 23. september 1330-1530.

Departementet ønsker førebudde innlegg til temaet. Dersom det er ønske om å halde innlegg må dette varslast ved påmeldinga. I påmeldinga må ein også seie frå om ein ønsker å vise ein presentasjon. Presentasjonen sendast inn på førehand.

Påmeldingsfristen er 17. september. Send påmelding med namn på deltakarar og om de ønsker å halde eit innlegg til Heidi Lundberg på heidi.lundberg@oed.dep.no. Taletid vert avgjort etter at vi ser kor mange som ønsker ordet. Berre ein frå kvar organisasjon vil få taletid.

Dersom talet på påmelde er større enn det den tekniske løysinga for videokonferanse tillet må departementet prioritere. Dei som har uttala seg om temaet i høyringa i 2019, dei som har teke kontakt med departementet om dette tidlegare, og dei som melder seg på først vil ha prioritet.

Praktiske detaljar om tilkopling mv. blir send ut til påmelde deltakarar etter at fristen for påmelding har gått ut.