Historisk arkiv

Innspelsmøte om heilskaplege forvaltningsplanar for natur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Innleiing til orienterings- og innspelsmøte om heilskaplege forvaltningsplanar for natur. 20. mai, 2019, Klima- og miljødepartementet.

Velkomen til orienterings- og innspelsmøte om heilskaplege forvaltningsplanar for natur.

Statsråden måtte møte i Stortinget i dag, så han kan diverre ikkje kome. Men dette er ei sak som han er veldig engasjert i.

Opplegget i dag er at eg først seier noko om kva denne saka gjeld. Så er det ope for innspel, og fleire har meld seg til å halde innlegg. Det er ikkje lagt opp til PP for innspela. Men gi oss dei gjerne skriftleg i etterkant.

Regjeringa har i Granavolden-plattforma sagt at vi vil "utvikle konsept for heilskaplege forvaltningsplanar for natur". Dette punktet er nytt samanlikna med Jeløya-plattforma. Men det har bakgrunn i naturmangfaldmeldinga frå 2015.

Dette dreier seg om berekraftig bruk. Men kva meiner vi eigentleg med det? Kva er en bruk som skjer innafor det naturen toler? Ein bruk som gjer at økosystema klarar seg og leverer gode også til neste generasjon?

I naturmangfaldmeldinga seier regjeringa at vi skal beskrive tilstand, sette mål og tilpasse forvaltninga av økosystema i Noreg.

Det nya i Granavolden er, at vi vil sjå korleis vi kan setje dette saman i heilskaplege planar.

Regjeringa har altså ennå ikkje vedtatt at det skal lages forvaltningplanar, men vi utreder korleis det i tilfelle kan gjørast.

Er dette ein heilt ny tanke?

Eigentleg ikkje.

I dag har vi allereie forvaltningsplanar for havområda og forvaltningsplanar for vassområde.

Men vi har ikkje slike planar for naturen på land.

Kvifor vil regjeringa vurdere å lage forvaltningsplanar for all norsk natur?

Dagleg blir det i Noreg tatt tusenvis av avgjerder som påverkar naturen. Vi vurderer naturkonsekvensane i kvar enkel sak, men forvaltar i liten grad meir overordna og samla. Ei meir samla forvaltning av einskilde områder ser vi i vernesaker som for eksempel nasjonalparker. Men ei samla berekraftig forvaltning av alle natur på tvers av alle sektorar , har vi ikkje i dag.

Forvaltningsplanar kan vere eit verktøy for å

  • Sjå på heilskapen
  • Sjå på tvers av sektorer
  • Sameine ulike samfunnsformål

Forvaltningsplanar bør beskrive tilstanden i naturen, kva mål ein har, og korleis ein vil kome dit. Kostnader ved og nytten av å nå måla skal også beskrivast.

Slik vi ser det, så skal slike planar vere overordna. Det vil seie at dei skal gi føringar for den nasjonale politikken for naturen.

Planane bør vurdere aktuelle samfunnsformål ved bruk av naturen, og ved ikkje-bruk av naturen.

Forvaltning av natur bør vera føreseieleg, både av omsyn til næringslivet og av omsyn til naturen sjølv.

Forvaltningsplanane skal bli til gjennom ein inkluderande prosess der aktuelle aktører kan komme med innspel

Vi tenker at planane ikkje skal gjelde direkte for enkeltpersoner eller verksemder. Planane vil fastslå mål og peike på moglege verkemiddel, men det er den enkelte ansvarlege myndigheit som i etterkant må vurdere og sette i gong verkemidla.

Korleis kan ein prosess med heilskaplege forvaltningsplanar sjå ut? Dette diagrammet viser ein tenkt prosess:

Vi startar med å vurdere og beskrive tilstanden i naturen

Så ser vi på ulike samfunnsmål, og kva mål for tilstanden i naturen som samla sett er det beste for samfunnet.

Så vurderer ein kva tiltak og verkemiddel som bør brukast. Dette blir samla i ein forvaltningsplan.

Tiltak gjennomførast.

Etter nokre år vurderer ein om måla er nådd, og

Startar hjulet på nytt.

Forvaltningsplanar kan lagast på mange ulike måtar. Difor ber vi om innspel no. Mange er opptekne av naturen eller lever av naturen. Innspel frå desse aktørane er derfor viktig.

Kven skal vedta planane? Stortinget, som i havforvaltningsplanane? Regjeringa? Departementa? Regionnivå med nasjonale føringar, som i vassforvaltningsplanane?

Korleis bør prosessen for å vedta planar vere?

Kva gevinstar kan slike planer gi, og korleis kan vi sikre at dei blir realisert?

Er det andre viktige poeng når vi no utgreier moglege konsept for forvaltningsplanar?

Vi ber altså om innspel til kva slags forvaltningsplan som kan vere aktuelle: Kva slags innramming skal vi velje, slik at planane blir best mogleg. Vi ber ikkje no om innspel til mål eller verkemiddel! Det må vi kome tilbake til.