Forsida

Innspelsmøte om lærarutdanning

Den 30. januar arrangerer statsråd Ola Borten Moe innspelsmøte om lærarutdanning i høve stortingsmeldinga om profesjonsutdanningar.

Møtet er på Høgskolen i Innlandet sin studiestad på Hamar. Dette er det andre av seks slike innspelsmøte fram mot påske.

Tema for møtet om lærarutdanningane er 
- Struktur i utdanningane
- Styring
- Samarbeidet mellom lærarutdanningane og skulane
- Kjønnsbalanse og mangfald
- Fagmiljøa

Møtet er for inviterte deltakarar frå universitet og høgskular, organisasjonar, skular og andre frå sektoren.

Program for møtet

kl. 11.00

Velkommen v/rektor Peer Jacob Svenkerud, Høgskolen i Innlandet

kl. 11.05

Kva vil vi med profesjonsmeldinga? v/Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe

 

 

 

1. Strukturen i utdanningane

kl. 11.15

Strukturen i utdanningane  - korleis vidareutvikle denne innan dagens rammer for å rekruttere betre og til beste for lærarstudentane og skulen?  Ved Vegar Sellæg, prodekan for lærarutdanning på Nord universitet

kl. 11.25

Diskusjon om vidareutvikling av strukturen i lærarutdanningane

 

 

 

2. Styring

kl. 11.55

Korleis bør lærarutdanningane styrast framover? Innlegg ved dekan Morten Ørbeck,  Høgskolen i Innlandet

kl. 12.05

Diskusjon om framtidas styring av lærarutdanningane

 

 

kl. 12.30

Pause med frukt og kaffi

 

 

 

3. Samarbeidet mellom lærarutdanningane og skulane

kl. 12.45

Samarbeidet mellom lærarutdanningane og skulane, korleis vidareutvikle det? Ane Krogsæter Aarre, ass. rektor, Persbråten videregående skole, Oslo

kl. 12.55

Diskusjon om vidareutvikling av samarbeidet mellom lærarutdanningane og skulane

 

 

 

4. Kjønnsbalanse og mangfald

kl. 13.15

Kjønnsbalanse og mangfald innan lærarutdanning. Ragnhild Hennum, leiar av Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forskning

kl. 13.25

Diskusjon om kjønnsbalanse og mangfald i lærarutdanningane

 

 

 

5. Fagmiljøa

kl. 13.45

Fagmiljøa innan lærarutdanning og samansettinga av desse – bør det rekrutterast fleire frå skulen eller brukast meir delte stillingar?  Kristine Waters, rektor Ajer ungdomsskole, Hamar

kl. 13.55

Diskusjon om samansettinga av fagmiljøa i lærarutdanningane

 

 

kl. 14.15

Slutt

Møtet kan følgast på strøyming, men det er ikkje mogleg å delta med innspel digitalt verken på chat, video eller lyd.

Her kan du følgja møtet.

Passord for innlogging: 503616

Frå rundt påsketider og fram mot sommaren, vil alle som ønskjer det, få moglegheit til å sende inn skriftlege innspel. Meir informasjon om dette vil leggjast ut på nettsida etter kvart.