Historisk arkiv

Innstramming av praksis for einslege mindreårige asylsøkjarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Fleire einslege mindreårige asylsøkjarar utan behov for vern må returnere til heimlandet når dei er fylt 18 år som ein følgje av at Arbeids- og inkluderingsdepartementet samtykkjer til praksisendringar i Utlendingsdirektoratet.

Fleire einslege mindreårige asylsøkjarar utan behov for vern må returnere til heimlandet når dei er fylt 18 år som ein følgje av at Arbeids- og inkluderingsdepartementet samtykkjer til praksisendringar i Utlendingsdirektoratet.

Endringane er ei oppfølging av innstrammingstiltaket til regjeringa for å redusere talet på asylsøkjarar og gjeld einslege mindreårige asylsøkjarar utan behov for vern.

– Innstrammingane kan hjelpe til å redusere talet på einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg utan eit behov for vern, seier statssekretær Libe Rieber-Mohn.

Utlendingsdirektoratet skal vurdere høvet for at barn trygt kan ta opphald i ein annan del av heimlandet enn dei kjem frå, og vurdere høvet for eit avgrensa løyve for barn mellom 16 og 18 år.

– I tillegg endrar vi praksisen slik at dei mindreårige asylsøkjarane får større ansvar for å skaffe dokumentasjon på alder og identitet. Direktoratet kan nå avslå ein asylsøknad der det er tvil om søkjaren sin alder, og det er rimeleg å krevje at søkjaren fremjar dokumentasjon sjølve, seier Rieber-Mohn.

Nærmare detaljar om dei einskilde endringane i brev frå departementet: