Historisk arkiv

Innstrammingar i sjølaksefisket i 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Mange av dei over 400 villaksbestandane i Noreg er trua og står i fare for å bli skatta for hardt. Det vert difor ikkje lenger tillate å fiske villaks i kystområda sør for Finnmark. I Finnmark vert fiske med krokgarn stansa.

– Vi har eit unikt mangfald av laksebestandar i Norge som vi må ta vare på. I dag er mange av bestandane små og trua. Difor gjer vi no innstrammingar i sjølaksefisket for å gje villaksen betre vern, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Miljødirektoratet har lagt fram eit forslag til nye reguleringar av fisket i sjø av anadrome laksefisk frå 2021,  det vil i hovudsak seie villaks, sjøaure og sjørøye.  Departementet sluttar seg til forslaget. Hovudtrekka i forslaget er at det ikkje lenger blir opna for fiske med krokgarn i Finnmark, og at det ikkje blir opna for fiske i kystområda sør for Finnmark.

Naturmangfaldlova opnar berre opp for fiske på laksebestandar som har eit haustbart overskot. Difor anbefaler Miljødirektoratet å redusere fisket på blanda villaksbestandar, og dette fisket går i størst grad for seg i kystområda.

Sjøfisket etter laks er inndelt i ulike kyst- og fjordområde, og den nye reguleringa vil innebere at det ikkje blir opna for laksefiske i kystområda sør for Finnmark. Grunnen til dette er at jo lengre ein kjem frå vassdraget, jo fleire laksebestandar er det som vandrar i det same området. I kystområda er det fleire titals bestandar som blandar seg, og ein har då liten kontroll med om ein fiskar på ein sterk og berekraftig bestand eller på ein sårbar bestand frå eit vassdrag som ikkje er opna for fiske i det heile. Vitskapeleg råd for lakseforvaltning anslår at det er 97-100 prosent risiko for at sårbare bestandar i kystområda vert skatta for hardt, og har rådd at det ikkje bør opnast for fiske i desse områda. Det vil framleis bli opna for sjølaksefiske i dei fleste fjordområda.

Fisket med krokgarn har allereie vore avvikla elles i landet, og no vil det altså heller ikkje bli opna for å nytte krokgarn i sjølaksefisket i Finnmark. Krokgarnet fiskar selektivt og skattar i stor grad den mellomstore holaksen, som er svært verdifull som gytelaks.

- Det er ikkje enkelt å avgrense ein aktivitet som har lange tradisjonar i kystkulturen. Eg forstår sjølaksefiskarane sitt vonbrot. Samstundes er dette altså naudsynt for å ivareta dei nasjonale og internasjonale pliktene våre til å ivareta naturmangfaldet i sjøen, seier Sveinung Rotevatn.

Miljødirektoratet skal evaluere effekten av reguleringane etter eit år for å sjå om dei er egna til å oppfylle føremålet i KLD si føring, og om dei opprettheld ein viss balanse mellom fisket i vassdrag og sjø.