Historisk arkiv

Inntaket til dei vidaregåande skolane 1995: 3000 færre utan tilbod.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 099-95, 11. desember 1995

Inntaket til dei vidaregåande skolane 1995:

3000 færre utan tilbod

Det er i år over 3000 færre søkjarar som ikkje har fått noko tilbod om plass i vidaregåande skole samanlikna med i fjor. Dette viser dei endelege tala frå fylkeskommunane. Totalt er det i år 7 138 søkjarar som ikkje fekk tilbod om skoleplass i eige fylke, medan det tilsvarande talet på same tidspunkt i fjor var 10 200. Det er nedgang i talet på søkjarar utan tilbod i alle aldersgrupper. Totalt er det 171 390 elevar i den vidaregåande skolen i skoleåret 1995/96.

På grunnkurset er 81 prosent av søkjarane tatt inn på førstevalet sitt, medan 91 prosent er tatt inn på ei av dei tre første prioriteringane. For vidaregåande kurs I (VkI) er det det 82 prosent som kom inn på førstevalet og 92 prosent på ei av tre prioriteringar.

Rapportane viser også at mange vaksne utan rett til tre års vidaregåande opplæring har fått skoleplass. Av dei om lag 120 000 elevane på grunnkurs og VkI utgjer dei utan rett og som i praksis tilsvarar dei som er 18 år eller eldre, om lag 19 prosent. Alle dei som har rett til tre års vidaregåande opplæring har fått tilbod om skoleplass.

Det er flest søkjarar utan tilbod til helse- og sosialfag. Her er det 1200 søkjarar som står utan tilbod. Men også på grunnkurset for formgivingsfag (860 utan plass) og hotell- og næringsmiddelfag (350 utan plass) er det etter måten mange søkjarar som ikkje har fått noko tilbod. På VkI innafor helse- og sosialfaget er det barne- og ungdomsarbeidarfaget (685 utan plass) og hjelpepleiarfaget (568 utan plass) som har flest søkjarar utan tilbod.

Av søkjarar utan tilbod er det størst andel av kvinner som er 20 år eller eldre og som har søkt seg til sosial- og helsefag og formgivingsfag.

-Dei endelege tala for inntaket til vidaregåande skole viser fleire gledelege utviklingstrekk, ikkje minst at reduksjonen av søkjarar utan tilbod er så markert, seier statssekretær Astrid Søgnen . -At det er så mykje som 19 prosent av søkjarane over 18 år som har fått eit opplæringstilbod er positivt og viser at Reform 94 også er ei opplæringsreform for vaksne.


Lagt inn 11 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen