Historisk arkiv

Internasjonal handel må bidra til eit auka forbruk av næringsrik mat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

For at alle skal ha eit trygt og balansert kosthald treng vi internasjonale reguleringar, ny teknologi og innovasjon. Det er og ein viktig del for å oppnå FN sitt berekraftsmål om å utrydje svolt, ha matsikkerheit og betre ernæring, og fremje eit berekraftig landbruk.

I følgje FN sin mat- og landbruksorganisasjon (FAO) er over 670 millionar vaksne overvektige i dag. Generaldirektøren i FN sin mat- og landbruksorganisasjon, José Graziano da Silva, oppmodar alle land til å fremje internasjonale handelsreglar som bidreg til eit auka forbruk av sunne og næringsrike matvarer. Oppmodinga vart uttalt på det internasjonale forumet for mattryggheit og handel som vart arrangert i Genève denne veka. 

WTO, WHO, FAO
Dei tre leiarane i FN sin mat- og landbruksorganisasjon, Verdens helseorganisasjon og Verdens handelsorganisasjon inviterte alle medlemslanda og andre interessentar til møtet. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Graziano da Silva peikar på at mange land er avhengige av import for å ha nok mat til innbyggjarane sine, og då er det viktig at maten som blir importert er trygg og bidreg til eit sunt kosthald. Globale reglar for mattryggheit er viktige lokalt, nasjonalt, regionalt og globalt, og skal i første rekkje sørge for like og strenge reglar for mattryggheit overalt. Internasjonale handelsreglar må òg gjere det enklare å transportere sunn og næringsrik mat.