Historisk arkiv

Internasjonal verksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 122/01
Dato: 11.10.2001

Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Internasjonal verksemd

Internasjonalisering er viktig for framtida til norsk olje- og gassindustri og for leverandørindustrien. For å tryggja arbeidsplassane i norsk leverandørindustri, er det viktig at desse selskapa får tilgang til den veksande internasjonale marknaden. Også for dei norske oljeselskapa er det viktig med auka internasjonalt engasjement.

Regjeringa vil difor auka løyvingane til internasjonalisering av petroleumsverksemda med nær 50 pst, frå 11 til 16 millionar kroner. Løyvingane omfattar mellom anna midlar til Intsok, Petrad og til prosjektgjennomføring.

-Det er svært viktig for Regjeringa å støtta opp om det viktige arbeidet som vert gjort for å internasjonalisera norsk oljeverksemd og norsk leverandørindustri, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Prosjektmidlar
Regjeringa vil støtta prosjekt som kan medverka til at norsk kompetanse, teknologi og erfaringar vert overført til andre land. Norsk olje- og gassindustri og norske styresmakter merkar særleg etterspurnad etter assistanse i forhold til utvikling av lokal leverandørindustri. Dette er først og fremst aktuelt i Nigeria og Angola, men tilsvarande samarbeid vert og vurdert for Venezuela, Iran og provinsen Newfoundland i Canada. I budsjettet for 2002 gjer Regjeringa framlegg om at det blir sett av 3 mill. kroner til dette føremålet.

Intsok
Intsok sitt mål er å styrkja det langsiktige grunnlaget for verdiskaping og sysselsetting i norsk olje- og gassindustri gjennom fokusert internasjonal verksemd. Intsok har som langsiktig målsetting at eksportverdien frå norsk olje- og gassindustri når 50 mrd. kroner innan 2005. Dette blir rekna som realistisk, og vil innebera ei dobling frå 1999. Intsoks medlemsbedrifter representerer rundt 90 prosent av verdiskapinga innanfor norsk olje- og gassindustri, og til saman utgjer kompetansen til desse bedriftene ei næringsklynge i verdsklasse. Regjeringa ønskjer å løyva 10 mill. kroner til dette framtidsretta arbeidet.