Historisk arkiv

Inviterer kommunane til å teste ut 3D-visualisering av eigen strandsone

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Det er mange ulike nasjonale, regionale og lokale interesser kommunane må ta omsyn til når dei planlegg i strandsona langs sjøen. Nokre kommunar er langt framme i utvikling av kart over eige areal, og har allereie moglegheit til å vise terreng, bygningar og vegetasjon i 3D. Fleirtallet av kommunane har ikkje tilgang på eit slik verktøy.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet lanserer no ein rettleiar for korleis kommunar kan ta i bruk 3D-modellar i planlegginga av strandsona. Ein 3D-modell er ein digital terrengmodell. Kommunar blir no inviterte til å teste ut rettleiaren i praksis.

Rettleiaren viser korleis ein kommune kan lage sin eigen modell for å visualisere ulike interesser og sjå korleis landskapet påverkar tilgjengelegheit og moglegheiter for utbygging.

 

Ein slik 3D-modell bygger på høgdedata frå den nye nasjonale høgdemodellen, som no dekker mykje av landet. Basis- og temadata frå geonorge.no kan leggjast til, som til døme kan vere informasjon om naturmangfald, friluftsliv og kulturminne. Eksisterande bygg og kommunale planar kan òg leggast inn i modellen.

 

Eit eksempel på korleis ein slik 3-modell kan brukast er laga for Askøy kommune. Den kan sjåast her:

 

Eksempel 3D-modell frå Askøy kommune

Rettleiaren kan testast ut her:

Rettleiar

Send epost til Martin Vestnes Sæter i Planavdelinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet på Martin-Vestnes.Sater@kmd.dep.no dersom din kommune er interessert.