Ja til 100 hytter i Førde kommune

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner godkjenner eit hytteområde i nærleiken av Digernes naturreservat i Førde kommune. - Vi har lytta til kommunen sitt ynskje om å leggje til rette for fleire fritidsbustader og ferieidyll i området, seier Sanner.

Førde kommune har i kommuneplanen for perioden 2015-2017 vedteke å leggje til rette for ei større utbygging av fritidsbustader i området.

Kommunen ynskjer å ha ei konsentrert utbygging av fritidsbustader med veg, vatn og avlaup som ikkje eksponerer sårbar høgfjellsnatur og villreinområde. Fritidsbustadene er planlagt i nordenden av Digernesvatnet. Kartlegging viser at sørenden av vatnet er viktigast for fuglelivet..

Fylkesmannen har motsegn til planen og viser til at hytteområda ligg i nærleiken til eit naturreservat av nasjonal verdi.

Klima- og miljødepartementet har tilrådd at motsegna frå fylkesmannen ikkje vert teken til følgje og at planen vert godkjent. Departementet meiner at fuglelivet ikkje vert skadelidande dersom det blir gjort avbøtande tiltak.

- Vi krev difor at tilpassing til landskapet vert følgt opp i det vidare arbeidet ved planlegging av hytter og vegar. Med desse tiltaka på plass sikrar vi at omsyna til naturverdiane vert tekne vare på samtidig som nye familier kan nyte naturen i området, seier Sanner. 

Brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Kommuneplan i Førde kommune - motsegn til utbyggingsområde for fritidsbustader BFR1-3 Digernes – Bruland (pdf)