Ja til lang tunnel på riksveg 13 til Årdal

Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier ja til lang tunnel på riksveg 13 frå Melkeråna til Årdal i Hjelmeland og Strand kommunar. – Vi har teke omsyn til ønskene frå kommunane og at dette er ei viktig transportåre for sjømatnæringa, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Utbetring av riksveg 13  mellom Melkeråna og Øykjaneset må gjerast for å sikre mot ras. Vegstrekninga frå Melkeråna til Årdal er om lag 14 kilometer. Dagens vegtrasé har stor høgdeskilnad over Tveitebrekka, som gir utfordringar på vinterføre, særleg for vogntog. Sjømatnæringa er viktig i området, og vegen er viktig for transporten frå denne næringa.

– Vi har teke omsyn til at lang tunnel gjev stor samfunnsøkonomisk gevinst, og er viktig for lokal vekst og verdiskapning, seier Sanner.

Hjelmeland og Strand kommunar vedtok kommunedelplanar for lang tunnel frå Melkeråna til Årdal, slik at ein ikkje må nytte dagens veg over Tveitabrekka med stor høgdeskilnad. Bygging av lang tunnel vil medføre redusert reisetid i forhold til dagens veg.

Planforslaget inneheldt fem alternative traséar. Statens vegvesen hadde motsegn til alle alternativ som omfatta lang tunnel frå Melkeråna til Årdal, og tilrådde ein kort tunnel. Samferdselsdepartementet støtta ikkje motsegna til Statens vegvesen, og i Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn ei løysing som omfattar lang tunnel.

Lang tunnel gjev åtte til ni minuttar redusert reisetid i forhold til dagens veg, medan alternativa med kort tunnel vil gje ein marginal reduksjon på omlag eitt minutt.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at lang tunnel og auka vegstandard vil gje stor nytte, spesielt da Ryfast kjem med ferjefri samband mellom Stavanger og Ryfylke. Konsekvensutgreiinga slår fast at vegstrekninga i dag har varierande og delvis dårleg standard.

Hjelmeland og Strand kommunar – motsegn til kommunedelplan for rassikring av rv 13  (pdf)

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00