Historisk arkiv

Jakob Sande jubileet i Fjaler

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på festforestilling i Fjaler, 1. desember 2006.

Jakob Sande jubileet i Fjaler

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på festforestilling i Fjaler, 1. desember 2006.

Når dagen til skyming skifter,
eg høyrer ein lystig song.

Eg les mine eigne skrifter
og veit eg har levd eingong.

Når dagen til skyming skifter,
eg høyrer ein vemodssong.

Eg les mine eigne skrifter
og veit eg skal døy ein gong.

Kjære Jakob Sande vener.

Diktet eg innleidde med, ”Når dagen - ” frå samlinga ”Det kveldar på Kobbeskjer” frå 1961, fortel ein heil del om spennvidda i Jakob Sandes lyrikk. Her er stemningar og tema frå bygdeliv, barndom, sjømannsliv og natur, prega av burlesk humor, sår lengsel og grotesk komikk. Men her er også vare dikt om dei djupaste kjenslene i mennesket som når langt inn i det religiøse og metafysike. Jacob Sandes dikt femner om heile menneskelivet.

Eg er glad for denne sjansen til å vere med på å hylle ein kjær diktar. Jakop Sande er ein diktar som står meg nær, og som har følgt meg gjennom mange år!

Det er i dag, på dagen, 100 år sidan Jakob Sande vart fødd på Klokkargarden her i Dale i Fjaler. Han vart fødd i ein liberal, samfunnsengasjert, utovervend heim, der det rådde toleranse og vidsyn. Musikk var ein vesentleg del av livet og vart eit utgangspunkt for Jakob Sandes dikting. Miljøet rundt han var prega av ei lita overklasse, ei stor gruppe bønder og småbrukarar og ei raskt veksande industriarbeidarklasse. Stagnasjonen i mellomkrigstida og mangelen på materielle gode gav grobotn for ein rettferdig harme.

Jakob Sande har ikkje ein stor plass i norsk litteraturhistorie. Ein må vel kunne seie det. Men han har ein stor plass i folks hjarte. Hans popularitet kan ein mellom anna måle på utgjevingane. Det er tett med utgjevingar, av ”Dikt i samling”, ”Noveller i samling” og biografiske skildringar.

Namngjetne diktarar får gjerne sine eigne lag, so òg Jakob Sande som fekk sitt Jakob Sande-selskapet stifta i 1991

Markeringa av at det er 100 år sidan Jakob Sande vart fødd er eit samarbeid mellom Jakob Sande-selskapet, Jakob Sande-stiftinga - Klokkargarden, Stiftinga Jensbua og Fjaler kommune. Vi er mange som set stor pris på alt som er gjort i jubileumsåret for å formidle Jakob Sandes liv og dikting, få fram tonar og drama i lyrikken, og setje fokus på nynorsk litteratur.

Festframsyninga her i dag skal òg visast i Førde og i Oslo. Det er eit prov på at Jakob Sandes dikting tilhøyrer heile landet. Framsyninga i Oslo skal visast på Ullern Skole, der diktaren var lektor.

Det er ikkje reist mange minnesmerke over Jacob Sande. Det står ein bauta her i Dale. Andre veit eg ikkje om. Med det er ikkje så farleg. Jacob Sande reiste sjølv minnesteinane gjennom si dikting. Lat meg derfor avslutte med å lese diktet ”Bautasteinar”.

Det kan no så ymse vere
med eitt og hitt.

Kvar har vel sitt å bere,
og eg har mitt.

No vil vel dei fleste seie
at eg har mest.

Sjølv vil eg heller teie,
det høver best.

Men kviskra i løynd går orda
frå mann til mann:
- han her grov sitt pund i jorda,
- ferdig med han!

So Herren vår Gud bevare
alle som ein!

Her kan vi trygt bespare
ein bautastein.

Nei, ta det med ro, småsveinar,
trø stilt på jord.

Eg har reist mine bautasteinar
i ord.

Takk for meg, og til lukke med feiringa/ takk for ein fantastisk kveld!