Jan-Erik Støstad ny leiar for Avkommersialiseringsutvalet

Jan-Erik Støstad (69 år) er i dag oppnemnd av Kommunal- og distriktsdepartementet til leiar av utvalet som skal greie ut korleis kommersiell drift kan utfasast i ulike skattefinansierte velferdstenester.

- Eg er svært nøgd med at Støstad har takka ja til å gå inn som ny leiar for Avkommersialiseringsutvalet. Utvalet har eit viktig oppdrag for regjeringa. Støstad har brei leiarerfaring, er godt kjend med problemstillingane som utvalet skal greie ut, og eg er trygg på at dette blir ei god løysing, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

 Jan-Erik Støstad er i dag generalsekretær i SAMAK (Samarbeidskomiteen til arbeidarrørsla i Norden). Han er utdanna samfunnsøkonom og har brei erfaring frå forvaltninga, både som statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og som tilsett i Finansdepartementet. Støstad har òg lang erfaring frå samfunnspolitisk avdeling i LO og gitt ut publikasjonar som handlar om styring og organisering av velferda.

Les meir om Avkommersialiseringsutvalet

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00