Presseinvitasjon:

Jan Tore Sanner inviterer fylkesmenn til møte om handhevingsordninga i skolemiljøsaker

Hausten 2017 innførte regjeringa eit nytt og strengare regelverk mot mobbing og ei ny klageordning hjå fylkesmennene. No inviterer kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fylkesmenn og andre viktige aktørar til eit erfaringsmøte om den nye handhevingsordninga.

Dei største endringane var lovfesting av nulltoleranse mot mobbing, ei tydeleg aktivitetsplikt for skolane og ei ny handhevingsordning. Etter at lova har verka i eitt år gjer framleis fire av frem skolar ikkje nok for å ta tak i mobbinga.

No møter kunnskaps- og integreringsministeren mellom anna fylkesmenn, Barneombodet, KS, mobbeombod, lærarar og skoleleiarar for å høyre om erfaringane deira frå arbeidet med handhevingsordninga.

Tid: Onsdag 12. september 2018 frå 11.30 til 14.00 (dørene blir opna 11.00 og det blir enkel servering før sjølve møtet startar).  

Stad: Representasjonsanlegget til regjeringa i Parkveien 45 i Oslo.

Til toppen