Historisk arkiv

Det vert varmare

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

<p>Vi hugsar alle snøen som fall i fjor – eller var det i forfjor? - og i vår barndoms vintrar var det sleaføre, rattkjelke og blå swix. Nå sel dei ikkje stort anna enn raudt klister i Europa. Månadens penn, Arve Thorvik,&nbsp;skriv om klimaendringane.</p>


I haust slutta eg ikkje med allergitablettar. Det ser ut til å bli ein enkel og grei overgang i år; frå haust til gråver til vår– og eitt eller anna pollen synest det vera i lufta dagstøtt.  Det japanske kirsebærtreet i nabogata har stått i blom i vekesvis, og til helga får vi dra vi til hagesenteret og førebu vårplantinga.   Som hoppinteressert tevetittar registrerer eg at anten vert renna avlyste på grunn av snømangel, eller så er det fordi dei ukontrollerte Atlanterstormane får fjørlette hopparar til å gå rundt i lufta heilt inne i polske Zakopane.  Snø har vorte eit industriprodukt, like mykje som eit naturfenomen.  Stilla i norske hyttelandsbyar er broten av snøkanoner som går og går, og produserer snø for lager.

Vi hugsar alle snøen som fall i fjor – eller var det i forfjor? - og i vår barndoms vintrar var det sleaføre, rattkjelke og blå swix.  Nå sel dei ikkje stort anna enn raudt klister i Europa.  I USA derimot, kan du gå på ski både i California og i Washington. Diverre er George Bush er meir interessert i kanoner enn i skiskyting. Difor hadde han ikkje fått med seg koplinga mellom snømangelen i Rupholding og bilbruken i amerikansk daglegliv. Men noko er på gang i Junaiten: Kandidatar på høgre og venstre står opp og tek klimatrusselen på alvor. Og i natt sa Bush at han vil redusera bensinbruken med 20 prosent på ti år. Ei utfordring for oljeselskapa – men den taklar vi.

I Europa byrja dei fatta det litt før amerikanarane: Vi kan ikkje lengre skulda på vergudar av ulike religiøse retningar - ”Det er vår eiga skuld. Vi må gjera noko.” Nå er det slik at miljøengasjementet og tanken på komande slekter er underleg fordelt i samfunnet: I nokre generasjonar er det ungdommen som rasar over at far min kunne gjera så mykje stygt og stort.  I andre tider – og der synest vi vera nå – er det besteforeldra som tenkjer på den vesle verda barnebarna skal arva. 

Det er dette bakteppet som nå heng oppe på framsyningane på Verdsteatret: Difor svarar toppleiarane i næringslivet at klima står på topp, difor er det eit hovudtema når Merkel skal snakka med Bush.  Difor held EU og Kina toppmøte om slikt. Og difor er det von om at det kan bli meir enn ord på papir av klimapolitikken.

Det var nett like vanskeleg for Europa å fatta klimautfordringane, som det var for nordmenn. Men som så ofte i EU: Når det først tek til å rulla, så rullar det fort. Da EU innførte systemet med handel med utsleppskvotar, var det ikkje akkurat ein ”kioskveltar”, som journalistane seier, men uventa var det vel likevel. Heile Europa vedtok å laga eit børssystem for klima, heller enn å satsa på skatt og avgifter.  Og nå har systemet på godt og vondt trødd sine første barnesko, og hatt sine første angrep av vannkoppar og andre barnesjukdomar. Kommisjonen slår med pisken og krev at regjeringane må vera tøffare med industrien sin enn dei hittil har våga vera – elles vil dei bli straffa. Og medan alt dette skjer, sit Noreg på første benk og klappar vilt for prestasjonane på scenen, men vågar ikkje heilt å bli med – vi må berre heim og øva oss litt først.

Og nå har altså Kommisjonen presentert sin svære nyttårspakke av alle slags framlegg på energi og klima – omtrent som om Stortinget skulle fått åtte-ti Stortingsmeldingar på bordet på same dag. Inne i denne pakken ligg omrisset av ein klimapolitikk som vil vera revolusjonerande om han overlever: CO2 handtering, reint kol, forsking, 12 store klimaprosjekt på storleik med Mongstad, kraftige utsleppskutt, storsatsing på biobrensel, og så vidare, og så vidare. Så oppfordringa til EU-skeptikarane må vera å lesa grundig frå perm til perm. Og om nei-argumentet var miljø, og ikkje dette gir inntrykk, så veit ikkje eg kva som skal til. Allergitablettar hjelper i alle fall ikkje.