Historisk arkiv

Jærbanen: Togtilbodet i rushtida blir styrkt allereie i år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Jærbanen har hatt svært god passasjervekst over fleire år. Det er gledeleg, men for pendlarane mellom Stavanger og Egersund er det blitt trongare om plassen i rushtida. Mange må stå i kupeen, og då er jernbanen eit mindre attraktivt reisemiddel. Regjeringa framskundar no difor arbeidet med å auke kapasiteten på Jærbanen. Frå 17. august skal NSB køyre ein avgang med dobbeltsett både om morgonen og om ettermiddagen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

NSB AS køyrer no med enkle togsett på Jærbanen. Den opphavelege planen gjekk ut på å setje inn to togsett i rushtid mot slutten av 2016. Etter denne planen skulle NSB setje inn to togsett av same type materiell som no blir nytta på togruta mellom Stavanger og Egersund.

Framskunda ferdigstilling av Klepp og Øksnavadporten
Kapasiteten blir noko auka i rushtida allereie frå i år, fordi Jernbaneverket fekk auka løyvingar til å framskunda ferdigstillinga av stasjonane Klepp og Øksnavadporten til sommaren 2015. Dette gjer det mogleg å køyre med doble togsett frå seinsommaren i år.

Maksimal utnytting av togmateriellet i eit drygt år
Fram til NSB tek i bruk dei to nye togsetta i 2016, må selskapet bruke materiellet som allereie er i bruk på Jærbanen til å auke kapasiteten. Dette inneber maksimal utnytting av togmateriellet i rushtida. Ved feil på toga er det difor ein risiko for at det ikkje vil vere mogleg å køyre med dobbeltsett kvar dag i rushtida. Fram til permanent løysing er på plass seint i 2016, blir det ikkje lagt opp til å setje inn ekstra kapasitet med buss dersom NSB berre kan stille med enkeltsett  på dei to aktuelle avgangane.

Kapasitetsauken påverkar avtalen mellom Samferdselsdepartementet og NSB om kjøp av persontransporttenester med tog. Vederlaget frå staten til NSB AS aukar med  820 000 kroner i 2015 og 2,25 millionar kroner i 2016. 

 

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)