Forsvarsministeren til møte i Joint Expeditionary Force

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen møter 30. juni – 1. juli sine kollegaer frå Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Storbritannia og Sverige for å diskutera det vidare samarbeidet i Joint Expeditionary Force. Dei vil også gjennomføre ei skrivebordsøving.

Møtet finner stad i Helsinki. På agendaen står blant anna sikkerheitssituasjonen i Nord-Europa og den vidare utviklinga av JEF.

- JEF er et rammeverk for nært samarbeid mellom likesinna nordeuropeiske land, som styrker sikkerheita i våre nærområdar. I ein stadig meir kompleks sikkerheitssituasjon fortsett alliert samhald og samarbeid å vere essensielt, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

JEF er ein britisk-leda fleirnasjonal hurtigreaksjonsstyrke som består av Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Norge, Storbritannia og Sverige. Norge har vore medlem sidan initiativet blei lansert på NATO-toppmøtet i september 2014.

JEF er ein fleksibel styrke som kan nyttes i heile krisespekteret. JEF kan operere aleine, men kan også stilles til rådigheit for NATO, FN, EU eller andre organisasjonar. Styrken kan settas raskt inn ved behov.

Les meir om møtet her.

Pressekontakt:

Pressekontakt for forsvarsministeren er Marita I. Wangberg, telefon 905 123 19, e-post miw@fd.dep.no

Norske KNM Thor Heyerdahl etter samøving med den britiske fregatten HMS Lancaster i Nord-Norge i mars 2021.
Norske KNM Thor Heyerdahl etter samøving med den britiske fregatten HMS Lancaster i Nord-Norge i mars 2021. Foto: Forsvaret