Jernbane: 2015 - året då forfallet blir redusert

Etter mange år med auka forfall, er 2015 året der Jernbaneverket kan glede seg over at vedlikehaldsetterslepet blir redusert. - Vi ønskjer å gjere jernbanen meir påliteleg og gjer no eit ekstraordinært løft på vedlikehaldsfronten. Eg meiner satsinga både er lønsam og bra for alle som nyttar jernbanen. Vi ønskjer at jernbanen skal bli meir påliteleg. Satsinga vil leggje til rette for betre punktlegheit og auka regularitet i togtrafikken, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Jernbaneverket går no for fullt i gang med vedlikehaldsarbeid på fleire jernbanestrekningar. Dette arbeidet blir  i år rekordstort på grunn av eit kraftig løft i løyvingane for 2015.

- Det har vore stor merksemd om nye jernbaneprosjekt den siste tida. Diverre er det mange som gløymer at vi òg må vedlikehalde den eksisterande infrastrukturen.  Jernbanenettet har gradvis forfalle. Samla vedlikehaldsetterslep er utrekna til å vere på drygt 17,5 milliardar kroner. Dette er korkje framtidsretta eller god forvalting av jernbanen.

Stor auke i løyvingane
Etter regjeringsskiftet har løyvingane til jernbanevedlikehald og fornying auka med 65 prosent. Nivået ligg no langt høgare enn forslaga i Nasjonal transportplan 2014-2023. Dette gir handlingsrom for store vedlikehaldsløft.

- Løyvingane seier noko om satsinga til regjeringa for å ta vare på jernbaneinfrastrukturen, og for å vidareutvikle ein sikker og driftsstabil jernbane. Det handlar om å byte ut alt frå gamle sporvekslarar og køyreleidningar, til å drive førebyggjande arbeid som å opne stikkrenner og grøfter, seier Solvik-Olsen.

Betre punktlegheit i togtrafikken
For at folk og næringsliv skal ha tillit til jernbanen, er det viktig med god driftsstabilitet, høg frekvens og god komfort.

- Punktlegheita i persontogtrafikken har ofte vore for låg, men den siste tida har vi sett gode resultat. Til no i år har punktlegheita i snitt vore på om lag 92 prosent for persontog i 2015. Dette er 2 prosentpoeng høgare enn målet. Eit par veker i februar i år var gjennomsnittleg punktlegheit for alle persontog på heile 95 prosent. Med satsinga på vedlikehald ønskjer vi å sjå slike tal stadig oftare. Ja, vi vil at dei skal bli hovudregelen, ikkje unntaket, seier Solvik Olsen.   

For eit detaljert oversyn over vedlikehaldsarbeidet som etter planen skal gjerast på jernbanenettet i år, sjå pressemelding frå Jernbaneverket av 8. april.

For meir om punktlegheit, regularitet og oppetid på jernbanenettet, sjå oppdatert statistikk på nettsidene til Jernbaneverket.

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)