Historisk arkiv

Jon Hustad får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

TV2-profilen, Dag og Tid-journalisten og debattanten Jon Hustad får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2016.

Portrettbilete av prisvinnar Jon Hustad.
Prisvinnar Jon Hustad. Foto: Axel Iversen

– Hustad har skarpe analyser, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann, skriv juryen.  Jon Hustad er glad og forundra over å få prisen. 

Kulturdepartementet si Nynorskpris for journalistar blir delt ut på Dei nynorske festspela i Ørsta  24. juni. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

I juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er Håkon Haugsbø leiar. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp og har med seg redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten og forfattar/journalist Agnes Ravatn. Ho var ikkje med på den avgjerande runda om Hustad skulle få prisen, då ho er kollega med han i Dag og Tid.

Les meir om tildelinga på nettsida til Nynorsk mediesenter