Historisk arkiv

Opna Jondalstunnelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg opna i dag Jondalstunnelen i Hardanger. Tunnelen på over 10 km bind saman kommunane Jondal og Kvinnherad.

Statsminister Jens Stoltenberg opna i dag Jondalstunnelen i Hardanger. Tunnelen på over 10 km bind saman kommunane Jondal og Kvinnherad.

- Jondalstunnelen betyr kortare avstandar, betre og tryggare veg og nye moglegheiter for regionen, sa Stoltenberg i opningstalen sin.

Hovudmålet med Jondalstunnelen er å gi Jondal betre og kortare samband mot Kvinnherad og vidare via Folgefonntunnelen mot Odda og E134 over Haukeli. Jondalstunnelen er eit av dei største fylkesvegprosjekta i Hordaland.

- Tunnelen står ferdig eitt år før det som var avtalt i kontrakten. Det er imponerande. Takk til alle som har bidratt, sa Stoltenberg.

Se bilder på Flickr.

Til toppen