Historisk arkiv

Jondalstunnelen: Ferdig i 2012 - kostar 760 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Anleggsarbeidet med bygging av Jondalstunnelen kan ta til hausten 2009 og vil vere ferdig i 2012. Tunnelen vil gje Jondal kommune eit nytt og kortare vegsamband til Kvinnherad og vidare, gjennom Folgefonntunnelen, til Odda og E 134, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland.

- Anleggsarbeidet med bygging av Jondalstunnelen kan ta til hausten 2009 og vil vere ferdig i 2012. Tunnelen vil gje Jondal kommune eit nytt og kortare vegsamband til Kvinnherad og vidare, gjennom Folgefonntunnelen, til Odda og E 134. Med den nye tunnelen får folk og næringsliv i kommunane på og rundt Folgefonnhalvøya eit betre transport- og tenestetilbod som er med på å styrkje Folgefonnhalvøya som ein viktig arbeids- og sørvisregion.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland.

I forslaget blir det vist til at det ligg føre planar for fleire traseløysingar. Med den traseløysinga som følgjer av dei godkjende reguleringsplanane, blir lengda på tunnelen 8,3 kilometer. I tillegg til tunnelen blir det mellom anna ny veg frå Øyre til tunnelpåhogget på nordsida av Nordrepollen. – Fylkeskommunen har lagt opp til at endeleg val av løysing vil bli teke etter at det er henta inn tilbod frå entreprenørar på fleire alternativ, går det fram av  forslaget.

Prosjektet er rekna å koste 760 millionar 2008-kroner. I tråd med avklaringar og vedtak i Hordaland fylkeskommune og på lokalpolitisk hald, er det i forslaget lagt til grunn at prosjektet skal finansierast ved ein kombinasjon av statlege midlar (52 millionar kroner), kommunale tilskot (58 millionar kroner), fylkeskommunale midlar (567 millionar kroner og bompengar (83 millionar kroner).

Dei statlege midlane på 52 millionar kroner fell inn under ordninga med statleg støtte til større fylkesvegprosjekt, medan dei fylkeskommunale midlane i hovudsak er ein kombinasjon av midlar frå ordninga med kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift, konsesjonskraftmidlar og lånemidlar. Bompengane  omfattar førehandsbompengar som skal oppkrevjast i ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd og etterskotsbompengar som skal innkrevjast ved bomstasjon ved Øyre, etter at den nye vegen er opna for trafikk.


Til redaksjonen