Historisk arkiv

Internasjonale jorddagen:

Jordvernkonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Tøndelagsfylkene markerer den internasjonale jorddagen.

Gratulerer så mykje med dagen, og tusen takk for at de bruker den internasjonale jorddagen til å arrangerer ei konferanse som dette. 

Eg vart statssekretær i Landbruks- og matdepartementet for over fire år sidan. På desse fire åra, har ikkje berre verda endra seg. Eg har også endra meg og sett nok jordressursen som verdi mykje høgare enn eg gjorde før eg vart landbrukspolitiker. Det viser at det er mogleg å endre eit menneske, og dermed politiske avgjerder ved hjelp av kunnskap. Eg er ganske sikker på eg ville tatt andre avgjerder i dag enn eg gjorde då eg var kommunepolitikar for om lag ti år sidan. 

MEN, eg merkar også andre endringar på desse fire åra. Og det er oppmerksemda matproduksjon og jordvern har fått i løpet av desse fire åra. 

Eg registrerer kommunepolitikarar som pratar varmt om jordvern, som prøver å finne alternativ til å bygge på dyrka eller dyrkbar jord og som ser at skal me ha matproduksjon i åra framover, må me faktisk ha jord det går an å dyrke på. 

Resonnementet er så enkelt at ungar heilt sikkert forstår det, men erfaring viser at det ikkje er alle som har like stor forståing av korleis ressursar og ressursgrunnlag faktisk heng saman. 

Når jord blir vegd opp mot andre samfunnsinteresser har ofte dei andre samfunnsinteressene trumfa jord! Dette er i ferd med å endre seg, og jordvernstrategien til regjeringa skal nettopp bidra til at fleire får auga opp for verdien av jord. 

Ein av dei artigaste dagane eg har hatt på jobb i haust var då eg fekk lov til å reise til Tønsberg for å dele ut den nasjonale jordvernprisen til Vestfold fylkeskommune. Der var heile fylkestinget samla, og dei var så utruleg stolte av å vinne prisen – politikarane prata med stoltheit i stemma av den viktige ressursen jord, som ein må ta omsyn til i regional planlegging. 

Vestfold fylkeskommune vann prisen for sitt langsiktige og gode arbeid med jordvern, spesielt med bakgrunn i tydelege mål og strategiar for å ta vare på dyrka mark i fylkeskommunen sin regionale plan for berekraftig arealpolitikk (RPBA).Planen gir eit godt fagleg grunnlag for kommunane si arealplanlegging, og er blitt utarbeidd i eit breitt samarbeid med kommunane, slik at dei har fått ein eigarskap til planen. 

Statistikken viser også at kommunane i Vestfold ligg lågt når det gjeld omdisponering av dyrka mark, og har lågare tal no enn tidlegare. 

Det er spesielt imponerande med tanke på at stort sett heile Vestfold er pressområde, med befolkningsauke, høg befolkningstettleik og høg aktivitet rundt dei store byane i fylket. 

Utdeling av denne prisen, som skal framheve og motivere til nyskapande tiltak og planar, for å redusere omdisponeringa av dyrka jord, er eitt av tiltaka i jordvernstrategien. 

Det var fyrste gong prisen blei delt ut i år, og eg vil takke fylkesmennene for arbeidet med å finne fram til dei 23 kandidatane til prisen. Sidan eg er i Trøndelag, vil eg også nemne at Nord-Trøndelag fylkeskommune og Malvik kommune var gode kandidatar til prisen. 

Jordvernstrategien vart handsama i Stortinget i desember 2015. Stortinget fastsette da målet om å redusere den årlege omdisponeringa av dyrka jord til 4 000 dekar, og at dette skal nås gradvis innan 2020. 

Det er sytten tiltak i jordvernstrategien og me er godt i gang med å gjennomføre alle saman. Tiltak vi har gjennomført er at det er lagd nye Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging og nye Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging der jordvern har fått stor plass. 

Regjeringa har vore tydeleg på omsynet til jordvern både i dei nasjonale forventningane, og i dei statlege planretningslinene. Regjeringa gir her  tydelegare føringar for fortetting, transformasjon og høg arealutnytting. Dette er særs viktige verkemiddel for jordvernet. Formidling  og rettleiing er likevel eksempel på arbeid som må halde fram kontinuerleg. Det same gjeld tiltak for å auke plankompetansen og det faglege kunnskapsgrunnlaget. 

Når det gjeld formidling, vil eg særleg trekke fram landbruks- og matministeren sitt brev av 8. mars 2016 til kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene, om oppfølginga av den nasjonale jordvernstrategien. Der peiker han mellom anna på det ambisiøse omdisponeringsmålet, og gir forventingar om at dette forpliktar! 

Landbruks- og matdepartementet har også bedt fleire fylkesmenn om å arrangere regionale jordvernkonferansar i løpet av dette året, noko denne konferansen er eit eksempel på. I 2016 ga Fylkesmannen også tilbod til alle kommunane om opplæring av nye lokalpolitikarar om jordvern og planlegging. 

Det nyttar ikkje at berre Landbruks- og matdepartementet jobbar med jordvern. 

Samferdselsdepartementet har gitt klare forventingar til transportetatane om å ta omsyn til jordvern gjennom ny Nasjonal transportplan (NTP). Det er fyrste gong slike forventingar blir gitt i ein NTP. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fylgjer opp strategien gjennom si forvaltning av plan- og bygningslova, som er det viktigaste verkemiddelet for å styrke jordvernet. 

Skal me klare å nå målet, er det avgjerande at kommunane er strenge med omsyn til omdisponering. Me må sjå alternativ til å byggje på dyrka jord, anten det er prat om samferdselsbygging, bustadbygging eller næringsutbygging. Det er ofte lettvint å byggje på dyrka jord, men me bør få fram at regelen skal vere at andre moglegheiter skal utforskast før ein avgjer at det er dyrka jord som skal byggast ned. 

Regjeringa ønsker å ta vare på god matjord. Samtidig har samfunnet eit ansvar for å leggje til rette for at det kan bli bygd fleire bustader, næringsbygg, veger og jernbane. Kunsten er å finne ein god balanse mellom disse interessene. Det er ikkje lett, men vi må forsøke hardt, og i kampen om areala må kunnskapen vere på plass, og me må evne å prioritere og ta avgjerder til beste for dei som kjem etter oss. 

Som sagt, er det no meir oppmerksomheit knytt til verdien av jord, og vi ser stadig fleire kommunar som tek jordvern på alvor. Det gir resultat, og omdisponeringa er no på noko av det lågaste nivået på 30 år. KOSTRA-rapporteringa viser at omdisponeringa av dyrka jord gjekk ned med omlag 5 % frå 2015 til 2016 (frå 6 341 til 6 026 dekar). Til samanlikning blei det gjennomsnittleg omdisponert 7 600 dekar årleg i perioden med raud-grøn regjering, og gjennomsnittleg 11 400 dekar i perioden 1994-2003, som var utgangspunktet for halveringsmålet i 2004. 

Denna konferansen er eit viktig tiltak i jordvernstrategien. Det handlar om kompetanseoppbygging, erfaringsutveksling og endring av både haldningar og praksis. Skal me endre verda, må me endre menneska som styrer den. 

No vil sikkert nokon seie at å avholde konferanser ikkje kan medverke til å nå nasjonale mål og at det må tøffare virkemiddel til for å nå måla våre. Det er eg uenig i. Eg meiner tvert i mot  at oppbygging av kompetanse, bevisstgjering av verdien av jord og kunnskap om kvifor jorda er viktig, er avgjerande for at vi skal nå målet vårt. 

Det gjer kanskje ikkje at endring skjer umiddelbart, men får du endra menneska, kan du også endre verda. Og her er vi avhengig av at det er mange over heile landet som veit å verdsette jorda. Ikkje berre må dei verdsette jorda, men dei må gjere noko med det – dei må gjere om ord til handling. 

Lykke til med denne viktige konferanse, og lykke til med jobben for jordressursane i tida framover.