Historisk arkiv

Julekalender: Utviklar norsk svømmedyktig kveite

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Klimaendringane i Norden har ført til meir nedbør som kan by på fleire utfordringar for kornproduksjonen. No viser forsking at norske kveitesortar ser ut til å ha høg toleranse for vatn, og er godt rusta til å tole periodar med regn samanlikna med mange utanlandske sortar.

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember.
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Doktorgradsstipendiat Tove Sundgren ved Institutt for plantevitenskap på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) har undersøkt kor mykje vatn norske kveitesortar toler ved å sette dei under vatn. I det bassengliknande forsøksfeltet med djupe vollgraver rundt, vart det pumpa inn vatn på tredje bladstadium. Etter kveiteplantane hadde stått tre veker i den våte jorda, viste det seg at dei norske sortane overlevde forsøket. Resultata frå studiet bekreftar kor naudsynt det er med kornforedling og sortsprøving under nasjonale tilhøve. 

– Norsk landbruk er avhengig av forsking og utvikling for å auke matproduksjonen, gje betre lønsemd til bonden og høg effektivitet over heile landet. Noreg har sterke forskingsmiljø som stadig gjev ny kunnskap og legg difor eit viktig grunnlag for å auke konkurransekrafta og handtere utfordringar i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  

På Ridabu i Hedmark utviklar Graminor nye kveitesortar som er betre tilpassa klimaendringane enn dei sortane vi har i dag. Gjennom fleire år blir sortane testa, samanlikna og utvalt etter dei kriteria som er satt. Det kan ta så mykje som femten år frå dei startar arbeidet til ein nye kveitesort er tilgjengeleg for produsentane.