Kalender

Vis hele kalenderen

17.02.2018

  • Japan og Sør-Korea

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Japan og Sør-Korea

    Statsminister Erna Solberg besøkjer Japan og Sør-Korea for politiske samtalar med Japans statsminister Shinzo Abe og Sør-Koreas president Moon Jae-in.

    Onsdag 14. februar møter statsministeren sin japanske kollega Shinzo Abe i Tokyo. I Japan skal ho også delta på eit arrangement om hav og Arktis, møte næringsliv og akademia, og ha samtalar om FNs berekraftmål.

    Torsdag 15. februar reiser statsministeren vidare til Seoul, og deretter til OL i Pyeongchang i Sør-Korea, der ho vil vere til stades på fleire OL-øvingar.

    I Seoul skal statsministeren ha politiske samtalar med president Moon Jae-in. I Pyeongchang skal ho mellom anna møte tidlegare generalsekretær i FN, Ban Ki-moon.

    Pressekontaktar for statsministeren i Japan og Sør-Korea er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen (Pyeongchang/OL), telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Vis flere hendelser
Til toppen