Kalender

25.06.2021

  • Klima- og miljøministeren deltar under opninga av Nasjonalt villakssenter Tana

    Sveinung Rotevatn| Klima- og miljødepartementet

    Sted: Digitalt møte

    Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) deltar under opning av Nasjonalt villakssenter Tana - Joddu.

    Opninga går føre seg som eit digitalt arrangement pga. pandemien, og statsråden deltar med ei førehandsinnspelt videohelsing.

    Stiftelsen Nasjonalt villakssenter (NVL) er ei allmennyttig stiftelse stifta i 2019 med staten ved Miljødirektoratet som stiftar. Stiftelsen er landsdekkande med einingar i Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana kommunar. Norsk villakssenter i Lærdal, som Kongen opna i 1996, er fusjonert inn i den nye stiftelsen.
    Nasjonalt villakssenter har som oppgåve
    • å formidle kunnskap om villaksen i skjeringspunktet mellom forsking og forvaltning
    • bidra til bevaring og berekraftig bruk av villaksen
    • vere brubyggar mellom ulike interesser knytt til villaksen sitt liv og leveområde.
    Primærmålgruppa er born, unge og besøkande til dei fire einingane.

     

Vis flere hendelser