Kalender

25.11.2022

  • Pressekonferanse om flyktningsituasjonen i Noreg og Europa

    Jonas Gahr Støre| Statsministerens kontor

    Adresse: Akersgata 59, Oslo

    Sted: R5

    Statsminister Jonas Gahr Støre og arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen inviterer til pressekonferanse om flyktningsituasjonen i Noreg og Europa.

    Tid: Fredag 25. november kl. 09.15.

    Sted: R5, Auditoriet i Akersgata 59.

    Påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 24. november kl. 22.00.

    Oppmøte for akkreditert presse seinast 08.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

    Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

    Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

    Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

    Pressekontakt for arbeids- og inkluderingsministeren er fungerande kommunikasjonssjef Håvard Kleppa, telefon 90 67 76 20, e-post havard.kleppa@aid.dep.no

Vis flere hendelser