Kalender

Vis hele kalenderen

13.06.2019

  • Statsministeren tek imot Sør-Koreas president

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Adresse: Oslo

    Sted: Riddervoldsgate 2

    Statsminister Erna Solberg tek imot Sør-Koreas president Moon Jae-in til samtalar i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

    Ein fotopool som består av NRK, TV2 og NTB scanpix har høve til å fotografere på utsida idet statsministeren tek imot presidenten. Den same fotopoolen kan også fotografere inne ved starten av møtet, og ved underteikning av avtalar om lag kl. 09.30. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.20. Ta med pressekort og gyldig ID. Oppmøtestad: Riddervoldsgate 2.

    Kl. 09.45: Statsministeren og presidenten held pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 09.15. Ta med pressekort og gyldig ID.

    Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 11. juni kl. 12.00.

    Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Vis flere hendelser
Til toppen