Kalender

Avgrens

Her finner du en oversikt over utvalgte arrangementer fra departementenes kalendere. Kalenderhendelser fra tidligere regjeringer finnes i Historisk arkiv.

Nullstill valg

22.10.2019

  • Statsminister Erna Solberg er vertskap for ein middag i samband med den internasjonale havkonferansen Our Ocean

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Adresse: Parkveien 45, Oslo

    Statsminister Erna Solberg er vertskap for ein middag i samband med den internasjonale havkonferansen Our Ocean.

    Konferansen vert arrangert i Oslo 23. og 24. oktober og har meir enn 500 deltakarar frå over 100 land, frå politikk, næringsliv og sivilsamfunn. Middagen går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

    Det er mogleg å fotografere ved starten av middagen. Oppmøte for fotografar seinast kl. 18.30 ved inngangen i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.

    Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post [email protected].

23.10.2019

  • Noreg er vertskap for den internasjonale havkonferansen Our Ocean

    Erna Solberg, Ine Eriksen Søreide| Statsministerens kontor

    Adresse: Biskop Gunnerus´ gate 3, Oslo

    Sted: The Hub

    Noreg er vertskap for den internasjonale havkonferansen Our Ocean, på The Hub i Oslo.

    Sjå fleire detaljar på konferansens nettside.

    Kl. 08.15: Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide inviterer til pressekonferanse ved starten av konferansen. Stad: The Hub, Biskop Gunnerus´ gate 3.

    Kl. 09.00: Statsministeren taler på den offisielle opninga av Our Ocean, saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide. Etter opninga deltek statsministeren i samtale på scenen.

    Kl. 10.15: Statsministeren deltek på eit havarrangement for ungdom på Our Ocean-konferansen på The Hub.

    Kl. 17.00: Statsministeren deltek på ei mottaking for næringslivet i samband med havkonferansen Our Ocean på The Hub i Oslo.

    Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

25.10.2019

  • Statsministeren er i Kirkenes, der ho deltek på markeringa av 75-årsdagen for frigjeringa av Aust-Finnmark

    Erna Solberg, Ine Eriksen Søreide| Statsministerens kontor

    Sted: Kirkenes

    Statsminister Erna Solberg er i Kirkenes, der ho deltek på markeringa av 75-årsdagen for frigjeringa av Aust-Finnmark.

    Sjå eiga pressemelding for detaljar.

    Om lag kl. 11.50: Statsministeren held tale i samband med opninga av den dokumentariske utstillinga «Kvinner i krig på tvers av grenser». Presse som ynskjer å dekkje dette, må akkreditere seg til: [email protected] i løpet av torsdag 24.10.

    Kl. 12.45: Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter pressa i forkant av folkearrangementet på Torget. Presse må akkreditere seg til: [email protected] i løpet av torsdag 24.10.

    Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

26.10.2019

  • Statsministeren besøkjer Venstres landskonferanse

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Adresse: Snarøyveien 20

    Sted: Fornebu

    Statsminister Erna Solberg besøkjer Venstres landskonferanse på Expo Fornebu.

    Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post [email protected].

29.10.2019

  • Statsministeren deltek på Nordisk råds 71. sesjon i Stockholm

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Adresse: Stockholm

    Statsministeren deltek på Nordisk råds 71. sesjon i Stockholm, der ho møter dei nordiske statsministerkollegaene sine til diskusjonar om blant anna klima, bærekraft og unges engasjement.

    Presse som ønskjer å dekkje Nordisk råds 71. sesjon må akkreditere seg innan torsdag 24. oktober. Meir informasjon her.

    Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

30.10.2019

  • Statsministeren deltek på Nordisk råds 71. sesjon i Stockholm

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Adresse: Stockholm

    Statsministeren deltek på Nordisk råds 71. sesjon i Stockholm, der ho møter dei nordiske statsministerkollegaene sine til diskusjonar om blant anna klima, bærekraft og unges engasjement.

    Presse som ønskjer å dekkje Nordisk råds 71. sesjon må akkreditere seg innan torsdag 24. oktober. Meir informasjon her.

    Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

Vis flere hendelser
Til toppen