Historisk arkiv

Kamp om årets nasjonale bygdeutviklingspris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Antistoff frå egg, produksjon og foredling av løk eller ein «Inn på tunet» gard? Vinnaren av Innovasjon Norges nasjonale bygdeutviklingspris vert å finna blant desse. Prisen som er på heile 250 000 kroner, vert delt ut i samband med Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin i januar 2014.

Dei tre nominerte er:

  • Angedal Gard, Førde i Sogn og Fjordane
  • Balke gård, Østre Toten i Oppland
  • Moer gård og Norwegian Antibodies AS – Ås i Akershus 

Bygdeutviklingsprisen vart etablert i 1997 for å synliggjere og vere ei inspirasjonskjelde for vellykka nærings- og forretningsutvikling i – og i tilknyting til landbruket. Kandidatane vert vurdert etter lønnsemd, sysselsetting, sosial- og miljømessig bærekraft og nyskaping eller originalitet. Det vert kåra ein vinner i kvart fylke. Prisen på 50 000 kroner vert delt ut av fylkeskontora til Innovasjon Norge. Fylkesvinnarane konkurrerer om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

Martha Bjørvik Angedal, Angeldal Gard. Foto: Frode Gudvangen. Øverst til høyre: Ole Egge, Moer gård og Norwegian Antibodies AS. Foto: Innovasjon Norge. Nederst til høyre: Odd Hveem, Balke gård. Foto: Arild Kristiansen.