Historisk arkiv

Kan få eit betre liv med velferdsteknologi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Velferdsteknologi kan hjelpe mange til eit betre liv i eigen heim og vil bli avgjerande for å løyse oppgåvene i velferdsstaten framover. Men vi må finne ein god balanse mellom teknologien og menneskeleg kontakt og kompetanse, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Velferdsteknologi kan hjelpe mange til eit betre liv i eigen heim og vil bli avgjerande for å løyse oppgåvene i velferdsstaten framover. Men vi må finne ein god balanse mellom teknologien og menneskeleg kontakt og kompetanse, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Velferdsteknologi er teknologisk assistanse som gjer at dei med sjukdom eller nedsett funksjonsevne kan klare seg sjølv i kvardagen. Teknologien kan gje auka tryggleik, sikkerheit og sosial deltaking. Dessutan kan ein betre mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet.

I rapporten Velferdsteknologi i boliger har SINTEF gått gjennom ulike teknologiske løysingar. Forskarane har også sett på moglegheiter og utfordringar knytt til velferdsteknologi. Dei meiner teknologien blir viktig når befolkninga lev lengre, sjukdomsbilete endrar seg og det blir mangel på helse- og omsorgspersonell.

- Eg har sjølv vitja prosjektet Lengst mulig i eget liv i Fredericia i Danmark. Der satsar kommunen på at eldre skal kunne bu heime og vere sjølvhjelpne lengst muleg. Det er billigare for kommunane og betre for dei eldre. Eg meiner vi må sjå nærare på slike løysingar her i landet også, seier Navarsete.

Ho får støtte av forskarane frå SINTEF. I rapporten peikar dei på at eldre i framtida vil krevje å leve eit aktivt liv i større grad enn i dag. Det omfattar mellom anna å kunne velje bustad og buform. Forskjellege behov og preferansar krev fleksible løysingar. Forskarane peikar på at mykje av velferdsteknologien allereie finst, men han er i liten grad teken i bruk.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.