Historisk arkiv

Kandidater frå Fjord-Noreg konkurrerer om jordvernpris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Å motivere til nyskapande strategiar og tiltak som tek vare på Noreg si matjord, er målet når nasjonal jordvernpris blir delt ut i år. Blant 23 nominerte kandidatar kjem fem frå Fjord-Noreg.

– Skal vi ha nok jord til å dyrke mat på i framtida, er det avgjerande at kommunane har nok kunnskap og kompetanse til å leggje gjennomtenkte planar, gjere gode vurderingar og ta dei rette avgjerdene for matjorda vår, seier Dale.  

Berre tre prosent av Noreg sitt landareal kan nyttast til matproduksjon. Det er difor viktig å ta vare på matjorda. Nasjonal jordvernpris er eit tiltak i Regjeringa sin nasjonale jordvernstrategi. Prisen skal medverke til å auke merksemda om jordvernet, og få fram gode idéar, tiltak, planar og strategiar som tek vare på matjorda vår. Juryen blir leia av landbruks- og matministeren, og skal vurdere 23 nominerte kandidatar. Av desse kjem fem frå Fjord-Noreg.  

Dei fem nominerte frå Fjord-Noreg:

1. Averøy kommune (Møre og Romsdal)

Averøy kommune verdset jordvernet høgt i arealsamanheng. Etter ein ny kommuneplan som vart vedtatt i 2017, blir det i større grad tatt omsyn til jordvernet. Planen inkluderer tydelege føringar for arealbruk og omsynssone landbruk. 

2. Tingvoll (Møre og Romsdal)

Tingvoll kommune har vedtatt at kommunen skal prioritere løysingar som ikkje bygger ned dyrka jord. Det er ikkje lagt opp til nye byggjeområde som krev direkte nedbygging av dyrka jord. Kommunen har sett tydelege føresegner og retningsliner til LNF- og LNF-spreidd områda. 

3. Eid (Sogn og Fjordane)

Eid kommune har fått til gode resultat i samarbeid med andre aktørar i planlegging, gjennomføring og praksis. Kommunen vedtok ein ny arealdel i kommuneplanen i 2015, og har definert og valt ut viktige kjerneområde for matproduksjon. 

4. Region Nord-Hordaland

Flere kommunar i Nord-Hordaland har utarbeidd ein veileder som tek sikte på å bruke jordmassane som ein ressurs. Regionen ønsker å bruke jordmassar frå utbygging til å oppgradere jordbruksareal slik at dette blir tatt vare på. Jordbruksareal som i utgangspunktet er kupert, oppdelt og lite eigna for effektiv grovfôrdyrking kan dermed bli grunnlag for framtidsretta drift, framfor at arealet går ut av bruk eller blir bygd ut. 

5. Hå kommune (Rogaland)

Hå kommune er den største husdyrkommunen i Noreg, der om lag halvparten av arealet blir brukt til jordbruksformål. Kommunen har blant anna gjort viktige grep for å styre veksten, samstundes som det er mål om minst mogleg nedbygging av dyrka jord.