Historisk arkiv

Kartdata frå ulike kjelder gir meir presis kunnskap om nedbygd matjord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) har NIBIO testa ut ein metode som kan gi meir presise tal på kor mykje matjord som faktisk blir bygd ned årleg i Noreg. Metoden nyttar ulike kartkjelder som til saman seier kor mykje areal som er nedbygd siste år, kva areala er brukte til og kvar dei er.

Med eit tydeleg og innskjerpa jordvernmål aukar behovet for gode tal på kor mykje dyrka jord som faktisk vert bygd ned kvart år. Kommunane rapporterer kor mykje areal som er vedtatt omdisponert, men dette samsvarar ikkje alltid med kor mykje som faktisk blir bygd ned.

Data frå tre kjelder

Den nye målemetoden drar vekslar på ulike kartkjelder for å gi meir presise svar om faktisk nedbygging og kan bli eit nyttig supplement til KOSTRA-tala. Sentralt i metoden står NIBIO sitt arealressurskart AR5. Kartet viser eksisterande jordbruksareal, men ikkje kva som er utbygd. Til det må andre kjelder brukast. Data om nye bygningar og type bygg blir henta frå den nasjonale eigedomsmatrikkelen. I tillegg blir informasjon om nye vegar henta frå Nasjonal vegdatabank.

Saka fortsett under bilete.

Illustrasjonsbilde E6 ved Sarpsborg.
Samferdsel/trafikk stod for den største delen av omdisponeringa i 2019 med 37 prosent. Illustrasjonsfoto, E6 ved Alvim, Sarpsborg. Foto: Morten Günther, NIBIO

Etterspurd materiale 

– NIBIO har gjort ein viktig jobb med å greie ut ein metode for å registrere det som faktisk blir bygd ned av dyrka mark. Gjennom KOSTRA har vi god rapportering på det kommunane vedtar av omdisponering. Her har vi sett ein betydeleg nedgang dei siste åra. Likevel vil det gi ein god tilleggsverdi å få ei samla oversikt over kor mykje som faktisk bli bygd ned, kvar dette skjer og kva kvalitet det er på jorda som blir bygd ned,  seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Generelt er det å bygge ned matjorda vår svært kortsiktig. Det tar naturen nesten 1 000 år å skape 10 centimeter av den næringsrike jorda vi treng for å dyrke maten vår. Derfor må vi ta godt vare på den. NIBIO har gitt oss nyttig kunnskap om den dyrka marka vår. No gir dei oss også ein god metode for å få kunnskap om kva som skjer med den, seier Bollestad. 

Illustrasjonsbilde
25 prosent av den omdisponerte jorda i 2019 gjekk til bustadføremål, iflgj. SSB. Foto: Siri Svendgård Stokke, NIBIO