Historisk arkiv

USAs utanriksminister John Kerry

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45

Statsministeren møter USAs utanriksminister John Kerry til arbeidslunsj i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Ein fotopool som består av akkreditert presse frå NTB scanpix, NRK og TV2 har høve til å fotografere på utsida i det statsministeren tek i mot utanriksministeren. Den same fotopoolen kan også jobbe inne ved starten av møtet. Dei to held pressekonferanse for akkreditert presse rett etter møtet. Oppmøtestad: Riddervoldsgate 2.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.