Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett

Aukar tilskotet til Kings Bay

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Kings Bay AS med 18 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett 2020.

Kings Bay AS står for drifta av forskingsstasjonen i Ny- Ålesund på Svalbard og får store delar av inntektene sine frå besøkande forskarar frå inn og utland. Koronapandemien gjer at selskapet taper store delar av inntektene.

-Regjeringa står ved målet om at Ny- Ålesund skal vere ei plattform for internasjonal naturvitskapleg forsking i verdsklasse. Det er avgjerande å halde forskingsstasjonen i gang og sikre langvarige måleseriar som blir nytta i internasjonal klima- og miljøforsking, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).