Kirkeneskonferansen: Folk til folk-samarbeid fortsatt viktig

- Respekt for folkeretten, ansvarlig ressursforvaltning og internasjonalt samarbeid er grunnlaget for bærekraftig utvikling i nord, slo utanriksminister Børge Brende fast då han onsdag 4. februar opna Kirkeneskonferansen.

Årets Kirkeneskonferanse, den åttande i rekka, vart opna mot eit anna bakteppe enn tidlegare arrangement. Tema var den politiske utviklinga i nord. Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa er endra som følgje av Russlands folkerettsstridige handlingar i Ukraina. Dette pregar også Noreg sitt forhold til Russland. I sin opningstale la utanriksministeren vekt på kor viktig det er at Noreg, saman med sine partnarar og allierte, er tydelege i våre reaksjonar og faste i vårt forsvar av folkeretten. "Folkeretten er førstelinjeforsvaret", slo Brende fast. Noreg og vårt internasjonale samarbeid i nord er avhengig av at alle partar respekterer internasjonale køyrereglar. 

Parallelt med dette er det viktig at Noreg held oppe samarbeidet med Russland der det framleis er mogleg. Gjennom fleire tiår har vi samarbeidd om forsvarleg fiskeriforvalting, auka sjøtryggleik, betre atomtryggleik og forvalting av miljøet og naturressursar. Dette ønskjer Noreg å fortsette med, slo Brende fast. Folk-til-folk-samarbeidet er også ein grunnleggande viktig komponent i det bilaterale forholdet. Barentssekretariatet har vorte ein viktig ressurs for alle som ønskjer å samarbeide med Russland i nord. Regjeringa aukar no støtta til Barentssekretariatet til over 140 millionar kroner, gjennom ein ny treårig avtale. 

Viktig møteplass

Kirkeneskonferansen er også ein viktig møteplass for utanriks- og nordområdepolitikk. Nordområdesatsinga står sentralt her. Utanriksministeren understreka at mykje er på gang, moglegheitene er mange. Med ein forventa økonomisk vekst på tre prosent ligg Nord-Noreg framfor resten av landet, som har ein forventa vekst på to prosent. 2014 var, trass i dei russiske importrestriksjonane, eit rekordår for eksport av sjømat med eit resultat på 68,8 milliardar kroner. Det er ein auke på tolv prosent frå 2013. 

Samstundes står Nord-Noreg også andsynes fleire utfordringar. Det er store lokale variasjonar i nord. Handelen over grensa til Russland har gått ned. Prisen på metaller og olje er svekka. Dette gir grunn til uro og mangel på tryggleik. Brende slo i sin tale fast at regjeringa ønskjer å legga til rette for ein stabil og føreseieleg nordområdepolitikk. 

For regjeringa satsar i nord. Med eit nordområdebudsjett på nesten tre milliardar kroner, ein auke på 350 millionar  kroner frå i fjor, vil styresmaktene satsa meir på næringslivsutvikling, meir på internasjonalt samarbeid, kunnskap, infrastruktur, miljø og beredskap. Eit stort og konkret skritt i så måte, er utlysinga av 23. konsesjonsrunde på norsk kontinentalsokkel. 

- Vårt mål er å gjere kunnskap og ressursar om til arbeidsplassar og verdiskaping, sa utanriksministeren og avslutta: - Det gjer vi best i eit kreativt samspel mellom tradisjonelle næringar, kunnskap og moderne teknologi – og mellom framsynte, engasjerte menneske.