Historisk arkiv

Kjære språkvenner, kjære kulturvenner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, 11.oktober 2004, Nobelinstiuttet i Oslo

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Kjære språkvenner, kjære kulturvenner

Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, 11.oktober 2004, Nobelinstiuttet i Oslo

Takk for invitasjonen til 50-årsjubileet for Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.

Det er jo litt rart for meg dette da, å seia ”sprog”. At eg som nynorsktalar har fått denne invitasjonen, vitnar om at de som i dag utgjer Akademiet, har eit breitt og ansvarleg perspektiv for arbeidet dykkar.

Vi kjenner alle den historiske bakgrunnen for at Bjørnstjerne Bjørnson tok initiativ til å stifta Riksmålsforbundet i 1907, og at ei rekkje kulturpersonlegdommar med Arnulf Øverland i spissen presenterte Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur i Aulaen 9. oktober 1954.

Men som vi veit er den språkpolitiske tilnærmingslinja mellom språknormalane avslutta. Ut frå eit mangfaldsperspektiv er Akademiets språkarbeid dermed kjærkome og verdifullt. Dette kjem eg tilbake til.

Verksemda til Akademiet er omfattande, samla om fem hovudområde: ordbokprosjekt, utgjeving av klassisk litteratur, språkleg opplysingsarbeid, rådgjeving og skriftnormering og utdeling av litteraturprisar.

Mellom ordbokprosjekta vil eg framheva Norsk Riksmålsordbok, som no er på 6 band, fire utgjevne i 1937-1957, og to supplementsband utgjevne i 1995. Arbeidet med å setja desse banda saman, supplera ordtilfanget og gjera nyutgåva tilgjengeleg i elektronisk form, har nasjonal interesse. Kultur- og kyrkjedepartementet støttar arbeidet med rundt 1 million kroner i året.

Det litterære arbeidet til Akademiet er også svært fortenestefullt kulturelt sett. Med Thorleif Dahls kulturbibliotek får vi eit viktig inntak til klassiske verk frå verdslitteraturen på norsk. Saman med bokseriane med norske klassikarar og norske essayistar medverkar kulturbiblioteket til å styrkja medvitet om nasjonens plass i eit åndsliv med djup historisk forankring.

Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur deler også ut ei rekkje forskjellige prisar til forfattarar, skribentar og journalistar som nyttar seg av eit levande og nyansert riksmål i verksemda si, som det heiter i eigenomtalen til Akademiet. Som kulturminister kan eg fullt ut slutta meg til denne måten å stimulera til god bruk av norsk, både når det gjeld god språkføring i radio og fjernsyn, i dags- og vekepresse, og hos forfattarar, ikkje minst av barne- og ungdomsbøker.

Kanskje det viktigaste ved godt og iherdig språkarbeid i vår tid er den felles innsatsen vi må leggja i å styrkja norsk språk i ein internasjonal språksituasjon, som blir stadig sterkare prega av engelsk.

I morgon reiser eg til Kina for å ta del i eit uformelt nettverk av kulturministre frå heile verda for å diskutere nettopp kulturelt mangfold. Eg veit mange er opptatt av korleis ein kan ta vare på mindre språk i ein internasjonal språksituasjon.

Språket har to hovudfunksjonar. Det uttrykker og kommuniserer det medmenneskelege. Eit såkalla lingua franca, slik engelsk er verda over i dag, er derfor ei effektiv løysing på den utfordringa det er å kommunisera på tvers av morsmål. Men språket veks ut av det livet vi lever – språket er eit umisteleg uttrykk for alle nyansar i livet. Vi treng alle orda som eit direkte uttrykk for den måten livet utfaldar seg på i ulike delar av verda. Derfor er det ikkje nok med berre eitt språk i verda.

Globalt sett er norsk for eit minoritetsspråk å rekna. Alt arbeid som blir lagt ned i å styrkja norsk som bruksspråk for alle livsuttrykk, er derfor umåteleg verdifullt. Dette gjeld også den digitaliserte internasjonaliseringa, der arbeidet til Akademiet vil bli stadig viktigare. Vi vil måtta ta i bruk alle tilgjengelege ressursar i arbeidet med å sikra norsken også i den språkteknologiske utviklinga som no skjer. Digitale ordboksressursar er sjølvsagt viktige i ein slik samanheng.

Det arbeidet som går føre seg på ulike hald for å styrkja norsk språk, vitnar om kulturelt mangfald. Vi er heldige her i Noreg som har ein så rik språktradisjon, ein tradisjon som blir tatt vare på av så kompetente aktørar som m.a. Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.

Ein reknar med at det fins 6000 språk i verden. Forskarar meiner at det dør meir enn eit språk i månaden. Derfor treng vi å styrka språket vårt. I dette arbeidet gjer Akademiet ein flott innsats.

Eg vil derfor få takka medlemmene i Akademiet for innsatsen deira, ikkje minst leiinga med Lars Roar Langslet i spissen.

Lukke til med arbeidet vidare.

Til toppen