Historisk arkiv

Kjartan Fløgstad er "Årets nynorskbrukar 2005"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Prisen "Årets Nynorskbrukar 2005" går til forfattaren Kjartan Fløgstad for framifrå og verdifull dokumentasjon av viktige trekk i norsk kulturhistorie. (29.06.05)

Pressemelding

Nr.: 108/05
Dato: 29.06.05

Kjartan Fløgstad er "Årets nynorskbrukar 2005"

Prisen Årets Nynorskbrukar 2005 går til forfattaren Kjartan Fløgstad for framifrå og verdifull dokumentasjon av viktige trekk i norsk kulturhistorie.

- Fløgstad koplar solid dokumentasjon med skarp litterær eleganse. Med pamfletten Brennbart dreiv han fram ein av dei viktigaste språkpolitiske debattane i seinare tid, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Styret i Nynorsk kultursentrum oppretta prisen i 2000, og i år er det sjette gongen prisen blir delt ut. Prisen blir tildelt personar som har synt evne til å bryta med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, eller som skaper større forståing for nynorsk.

Prisen er på 25 000 kroner pluss eit grafisk trykk av Arne Nøst.

Til toppen