Kjempar om gjev pris

I år er det Ciderhuset frå Sogn og Fjordane, Dyre Gård frå Østfold og J Kristiansen Gartneri AS frå Aust-Agder som kjempar om den gjeve tittelen Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.

Prisen vert delt ut av landbruks- og matminister Jon Georg Dale og divisjonsdirektør Inger Solberg i Innovasjon Norge under landbruks- og matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin 19. januar.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare bygdeutviklingsprisen) har vorte utdelt kvart år sidan 1997. Fylkesvinnarane har kvar motteke 50.000 kroner, og vinnaren av den nasjonale prisen vil i tillegg reise heim frå Berlin 250.000 kroner rikare.

Ciderhuset frå Sogn og Fjordane, Dyre Gård frå Østfold og J Kristiansen Gartneri AS frå Aust-Agder kjempar i år om den gjeve tittelen Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.
Ciderhuset frå Sogn og Fjordane, Dyre Gård frå Østfold og J Kristiansen Gartneri AS frå Aust-Agder kjempar i år om den gjeve tittelen Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Foto: Privat