Historisk arkiv

Kjernejournal vil gje sikrare behandling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår ei lovendring som vil gjere det mogeleg å etablere nasjonale kjernejournalar. – Det vil innebere at helsepersonell lettare får tilgang på opplysningar som kan vere avgjerande for å redde liv, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår ei lovendring som vil gjere det mogeleg å etablere nasjonale kjernejournalar. – Det vil innebere at helsepersonell lettare får tilgang på opplysningar som kan vere avgjerande for å redde liv, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

I helsesektoren er det ofte behov for rask tilgang til viktig informasjon om pasienten. Ikkje minst gjeld dette i situasjonar der pasienten treng akutt hjelp og viktige opplysningar kan vere avgjerande for at behandlinga skal lukkast. Informasjon om bruk av legemidlar og eventuelle allergiar er eksempel på slike opplysningar. 

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår no eit tillegg i helseregisterlova som gir hjemmel for etablering av kjernejournalar. Ein kjernejournal skal innehalde ei samanstilling av vesentlege helseopplysningar som skal vere tilgjengeleg for helsepersonell og helseinstitusjonar som pasienten vert behandla ved eller oppsøkjer sølv.   

– Dette vil gi behandlarane betre grunnlag til å fatte beslutningar om behandling og det vil hindre skade på pasientar, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Kjernejournalen vil også gi pasientane lettare tilgang til eigen journal. Pasienten skal mellom anna få eit eige fritekstfelt der han eller ho kan skrive inn opplysningar. Alle opplysningane som er registrert i journalen skal vere tilgjengelege for pasientane. Pasienten vil også kunne sjekke kven som har gått inn i journalen.

– Alle skal vere trygge på at personvernet er godt ivareteke, seier Strøm-Erichsen.

Kvar enkelt skal sjølv kunne bestemme om han eller ho ønskjer ein kjernejournal.