Kjøp av klimakvotar - nye prosjekt i Afrika
Nyheit | Dato: 18.12.2015 | Klima- og miljødepartementet
Kvotekjøpsprogrammet til Klima- og miljødepartementet går etter planen. Gjennom miljøfinansieringsselskapet NEFCO har departementet inngått avtalar som skal sikre levering av 30 mill. kvotar i perioden fram til utgangen av 2020.
Dei siste avtalane er no underteikna med fire nye prosjekt i Afrika sør for Sahara. I Nigeria og Malawi er det tale om klimaprosjekt i tilknyting til vassreinsing, i Den demokratiske republikken Kongo eit kokeomnsprosjekt og i Sudan eit prosjekt for oppsamling av metangassar frå ei søppelfylling. Nærare opplysningar hos NEFCO og FN.
Les meir om Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) på regjeringa sine sider.