Historisk arkiv

Kjøp av klimakvotar frå den grøne utviklingsmekanismen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet kjøper kvotar frå FN-godkjende prosjekt som står i fare for å avvikle drifta som følgje av dei låge marknadsprisane på klimakvotar, såkalla sårbare prosjekt, og frå nye prosjekt.

Kjøp av kvotar frå sårbare prosjekt skjer gjennom eit fond som miljøfinansieringsselskapet NEFCO administrerer på vegne av departementet. På grunnlag av den første innkjøpsrunden er det inngått avtalar om levering av i alt 18,9 mill. kvotar fram til 2020. Nærare opplysningar finn du her.

Fristen for levering av bod i den andre innkjøpsrunden var 5. desember 2014. I denne runden vart det også opna for særskild behandling av tilbod frå prosjekt i dei minst utvikla landa (MUL). Ramma for slike kjøp er 5 millionar kvotar, til prisar på inntil 4 euro per kvote. Det var stor interesse for denne runden med tilbod frå  svært mange prosjekt. Ein analyserer no desse tilboda grundig med sikte på å inngå nye avtalar om levering av kvotar fram til 2020. Nærare opplysningar finn du her.

 

Les mer om den grøne utviklingsmekanismen (CDM) og sjå eksempel her.