Historisk arkiv

Klargjering om bistandsinstruksen og Grunnlovens § 99

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Instruksen om Forsvaret sin bistand til politiet regulerer det operative samarbeidet mellom Forsvaret og politiet. Grunnlovens § 99 andre ledd gjev ikkje i seg sjølv noko generelt forbod mot bruk av militær makt mot borgarane, men grunnlovsføresegna inneber eit krav om lovheimel for slike tiltak. Forsvarsdepartementet (FD) har fram til no meint at instruksen har vore eit tilstrekkeleg heimelsgrunnlag. Etter det som hendte den 22. juli 2011 har det vore sett på at Forsvaret og skal kunne hjelpa politiet i andre høve enn det som har vore vanleg praksis fram til no, med til dømes fleire skarpe oppdrag saman med eller for politiet. FD har etter desse omstenda føreteke ei ny totalvurdering av saka og difor kome fram til at det beste vil vera at Forsvarets bistand til politiet får ei lovforankring som heimelsgrunnlag. Dette arbeidast det no med, for å unngå noko juridisk tvil i samanheng med Forsvaret sin bistand til politiet.

I samanheng med saka tilrår FD og å lese denne pressemeldinga om bistandsinstruksen som vart vedteke fredag 22. juni, 2012, i Kongen i statsråd. https://www.regjeringen.no/nb/dep/fd/aktuelt/nyheter/2012/bedre-samarbeid-mellom-politiet-og-forsv.html?id=686800

Meir om instruksen og forholdet til Grunnlovens § 99

Instruksen om Forsvaret sin bistand til politiet regulerer det operative samarbeidet mellom Forsvaret og politiet.  Instruksen har vore endra fleire gonger, siste gong 22. juni 2012. Det er oppgåva til politiet å hindre allmenn kriminalitet, her under terrorhandlingar.  For Forsvarsdepartementet (FD) er det viktig at det er og skal vera eit skarpt skilje mellom sivile og militære oppgåver.  Når det er sagt, finst det årsakar til at Forsvaret likevel i enkelte høve kan hjelpe politiet i dette arbeidet.  Dette er regulert i den nemnde instruksen.

Grunnlovens § 99 andre ledd gjev ikkje i seg sjølv noko generelt forbod mot bruk av militær makt mot borgarane, men grunnlovsføresegna inneber eit krav om lovheimel for slike tiltak, jamfør legalitets-prinsippet.  Det offentlege ordskiftet kring grunnlovsføresegna syner gjerne til «Menstadslaget» i 1933, men føresegna har og hatt stort fokus i den seinare tid, blant anna i høve med demonstrasjonane i Stilla mot utbygginga av Alta-vassdraget på byrjinga av 1980-talet.

Grunnlovsføresegna er tolka i ljos av sedvane og juridisk teori og FD meiner at følgjande tolking gjev uttrykk for gjeldande rett i dag:

  1. Bistand i form av logistikk/administrativ støtte i høve med rednings-, ulukkes- og katastrofetilfelle fell utanfor føresegna si saklege ramme om militær makt.
  2. All direkte bruk av militært personell til maktutøving omfattast i utgangspunktet av forbodet i grunnlovsføresegna, sjølv om det militære personellet ikkje ber våpen.  Kommandoforholda er i det høve ikkje av tyding.  Når det gjeld ettersøking, pågriping og liknande tiltak overfor farlege personar, kan det synast til lang praksis til bistand frå Forsvaret, og at forbodet i Grunnlova er mynta på andre situasjonar.  Dette tilseier at slike bistandstilfelle fell utanfor rekkevidda til føresegna.
  3. Militær maktbruk, her under i høve med bistand til politiet, overfor norske eller utanlandske terroristar, fell utanfor rekkevidda til føresegna.
  4. Anna bistand til og kjempa imot kriminalitet enn det som følgjer av punkt 1-3 krev klar lovheimel.

FD har fram til no difor meint at instruksen har vore eit tilstrekkeleg heimelsgrunnlag.  Men etter det som hendte den 22. juli 2011 har det vore sett på at Forsvaret også skal kunne hjelpa politiet i andre høve enn det som har vore vanleg praksis fram til no.  FD har etter desse omstenda føreteke ei ny totalvurdering av saka og difor kome fram til at det beste vil vera at Forsvarets bistand til politiet får ei lovforankring som heimelsgrunnlag.