Klarspråksprisen blir delt ut 3. mars

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner deler ut Statens klarspråkspris 2015. Pressa er velkomen.

Tid: kl 0915-1030
Stad:
Oslo Konserthus, Lille sal, Munkedamsv. 14, Oslo

Ein av tre innbyggjarar slit med å forstå kva det offentlige skriv. Statens klarspråkspris skal styrke arbeidet med klart språk i staten. Prisen går til statlege forvaltningsorgan og helseføretak som har gjort ein ekstraordinær innsats med å få tekstar på nett og papir forståelege og lesarvenlege.

Difis språkfrokost startar kl 0830. Anna Senje i Språkrådet tek for seg språket i lover og forskrifter, som ofte er vanskeleg å forstå. Kva er problemet, og kva kan vi gjere for å løyse det?