Klart for bygging av firefelts veg Sømmevågen – Sola skole

- Med utbygging av Riksveg 509 Sømmevågen – Sola skole blir det firefelts veg, med tilhøyrande tosidige gang- og sykkelvegar, på ei om lag 1,5 kilometer lang strekning i kommunane Stavanger og Sola. Gjennomføring av prosjektet fører òg til auka aktivitet og sysselsetting for anleggs- og byggjenæringa i området.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet har slutta seg til eit ønske frå Rogaland fylkeskommune om å få forskottere utbygging av prosjektet.

Kostnadene for prosjektet er rekna til 250 millionar 2015-kroner. Prosjektet er føresett finansiert innanfor den komande Bypakke Nord-Jæren, som del av Transportkorridor vest.

Rogaland fylkeskommune ønskjer at prosjektet Riksveg 509 Sømmevågen – Sola skole skal starte før eventuell  tilslutnad i Stortinget om delvis bompengefinansiering av Bypakke Nord-Jæren. Omsynet til sysselsettinga i området er den viktigaste grunngjevinga frå fylkeskommunen.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at forskotterte midlar kan refunderast med bompengar frå Bypakke Nord-Jæren, gitt at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging av pakka. Dersom det ikkje skulle bli tilslutnad i Stortinget til Bypakke Nord-Jæren, legg Samferdselsdepartementet til grunn at forskotterte midlar blir refunderte med statlege midlar når vidare utbygging av Riksveg 509 Transportkorridor vest blir tatt opp til løyving. Refusjon vil skje utan kompensasjon for renter og prisstiging.  

For fleire opplysingar - sjå:

  • Brev av 29. april 2016 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet