Historisk arkiv

Klart for Matstreif i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Førstkomande helg forvandlar Rådhusplassen i Oslo seg igjen til ein livleg matfestival. Om lag 200.000 besøkte Matstreif i fjor – håpet er at minst like mange finn vegen til Rådhusplassen og Kontraskjæret i år også.

Innovasjon Noreg arrangerer i år Matstreif for 12. gong, på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale deltek på opninga fredag. Han skal mellom anna skal dele ut pris til Noregsmester i gardsost, Matmerk sitt Spesialitetmerke og kåre folket sin representant i fagjuryen til Spesialitetmerke. Dale skal også vise kva han er god for som kjøtskjerar i ein duell med vinnaren av lærlingkonkurransen i fjor, Mathias Venstad Nilsen frå Høvikveien Kjøtt og Kolonial, under kyndig dømming av Espen Lynghaug frå NHO Mat og Drikke.

Matstreif 2016
Rådhusplassen i Oslo

Fredag 2. sept. kl. 12.00, Offisiell opning
Ved landbruks- og matminister Jon Georg Dale og Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

Opningstider:
Fredag 2.sept.   kl. 11.00-19.00
Laurdag 3.sept. kl. 11.00-19.00
Sundag 4.sept.  kl. 12.00-17.00

Matstreif 2. - 4. september 2016, Rådhusplassen i Oslo.