Historisk arkiv

Norge fordømmer bruk av klasevåpen i Syria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Klaseammunisjon er brukt i kamphandlingane i Syria, rapporterer Human Rights Watch. - Bruk av klasevåpen er totalt uakseptabelt og bryt med norma verdssamfunnet har samla seg om i klasevåpenkonvensjonen, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Klaseammunisjon er brukt i kamphandlingane i Syria, rapporterer Human Rights Watch. - Bruk av klasevåpen er totalt uakseptabelt og bryt med norma verdssamfunnet har samla seg om i klasevåpenkonvensjonen, seier utanriksminister Espen Barth Eide. 

Rapporten frå Human Rights Watch seier syriske styrker har nytta klasevåpen blant anna i områda i det nordlege Syria. Organisasjonen har òg publisert videoar som syner funn av ueksplodert klaseammunisjon. 

- Bruk av klaseammunisjon har uakseptable humanitære konsekvensar. Noreg fordømmer all bruk av desse våpna, seier utanriksministeren. 

Klasevåpen skil ikkje mellom sivile og militære mål; og kan halde fram å drepe og lemleste born og vaksne i tiår etter at krigshandlingane har skjedd. 

- Syriske styresmakter må omgåande stogge bruken og tryggje sivilbefolkninga gjennom rydding og informasjon, seier utanriksminister Espen Barth Eide. 

Konvensjonen om klaseammunisjon, som tok til å gjelde i 2010, forbyr all bruk av klasevåpen. Syria er ikkje blant dei 111 statane som har slutta seg til konvensjonen, men styresmaktene har likevel ei plikt til å verne si eiga befolkning. 

Det er viktig å halde fram innsatsen for å få fleire land til å slutte seg til konvensjonen, og nå målet om full gjennomføring av og verdsomspennande oppslutning om konvensjonen og tilhøyrande norm. Noreg bidreg, i samarbeid med humanitære organisasjonar og FN, til å rydde eksplosivar og hjelpe ofra for klaseammunisjon, landminer og andre eksplosivar over heile verda. Noreg har presidentskapet for konvensjonen i eitt år.