Historisk arkiv

Klima- og miljødepartementet oppdaterer genteknologilova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet sender på høyring forslag til tre endringar i genteknologilova. Departementet foreslår unntak frå lova for produkt tillat omsett etter legemiddellova, forenkla vurderingar ved godkjenning av søknad om klinisk utprøving av legemiddel som inneheld genmodifiserte organismar og å opne for at visse organismar ikkje skal omfattast av lova. Høyringsfristen er 5. august 2020.

Høyringa omfattar tre endringsforslag. Det eine forslaget gjeld unntak frå genteknologilova for produkt som er tillat omsett etter legemiddellova. Eit slikt unntak frå genteknologilova for GMO-legemiddel er gjennomført i praksis sidan 2008, men lovfesting av unntaket har så langt mangla. Lova skal likevel framleis gjelde for klinisk utprøving av legemiddel som består av, eller inneheld, genmodifiserte organismar (GMO-legemiddel). 

-Dette er ei endring som mange har etterlyst, og regelverket vil no bli klarare og meir forståeleg. No blir lova i samsvar med det som er fastsett praksis i Noreg og EU, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Det andre forslaget inneber at ved godkjenning av søknad om klinisk utprøving av GMO-legemidddel, skal det ikkje lenger gjerast ei vurdering etter genteknologilova av samfunnsnytte, berekraft eller etikk. Ei eiga vurdering av desse kriteria for denne spesifikke produktgruppa, vil normalt være overflødig på bakgrunn av de vurderingar som skal gjerast etter legemiddelregelverket 

Det tredje forslaget inneber at ein i lova si regel om verkeområde, føyer til ein ny regel om at der det følgjer av EØS-avtala, kan det gis ei føresegn om at visse organismar ikkje skal omfattast av genteknologilova. 

Du kan nytte skjemaet du finn her for å sende inn høyringssvar innan utgangen av 5. august 2020.