Historisk arkiv

Klima- og miljøhausten 2014 i Brussel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Rapport frå miljørådane Ulla Hegg og Jonas L. Fjeldheim og studentpraktikant Ingvild V. Nave, EU-delegasjonen

Ny Europakommisjon, GMO, bereposar, nye klimamål og førebuingar til klimatoppmøtet i Paris neste år har prega det klima- og miljøpolitiske halvåret i EU. Miljørådane Ulla Hegg og Jonas L. Fjeldheim og studentpraktikant Ingvild V. Nave rapporterar.

Statsråd Tine Sundtoft hadde eit eige møte med EUs energi- og klimakommissær Miguel Arias Cañete under klimamøtet i Lima. Foto: Jo Randen, KLD
Statsråd Tine Sundtoft hadde eit eige møte med EUs energi- og klimakommissær Miguel Arias Cañete under klimamøtet i Lima. Foto: Jo Randen, KLD

Den nye Europakommisjonen kom til «dekka bord» med Det Europeiske Råd sitt ferske 2030-vedtak som staka ut klimakursen mot 2030. På miljøsida reiste den nye Europakommisjonen utryggleik om politiske forslag på luft og avfall vil bli følgt opp.

Førebuingar mot ein global klimaavtale i Paris

På same tid som påtroppande president for Europakommisjonen Jean Claude Juncker førebudde seg på å ta over kommisjonskontora, har det å trygge energiforsyninga i EU blitt ein av toppsakene i unionen. På grunn av den nye samansetninga av Europakommisjonen blir klima og energi no sett i samanheng, illustrert av kommissær Miguel Arias Cañete sin tittel som klima- og energikommissær. Hans oppgåve blir å arbeide mot målet om ein energiunion og på same tid starte transformasjonen til eit lavkarbonsamfunn.

Ei anna svært viktig hending på klimaområdet er vedtaket om EU sitt klima- og energirammeverk mot 2030. Det Europeiske Råd sette med 40-prosentsmålet ei høg list for kva ambisjonsnivå EU skal ha på klimaområdet i forkant av klimatoppmøtet i Paris seinare i år. Også Juncker og Europakommisjonen set framforhandlinga av ein global klimaavtale høgt på lista over prioriteringar.

Ambisiøse mål frå EU

Målet er å kutte minst 40 prosent av utsleppa i unionen innan 2030, samanlikna med nivået i 1990. Sidan sommaren 2014 har Noreg vore med i Green Growth Group (GGG), som er eit uformelt nettverk for dei mest ambisiøse klimalanda. I forkant av toppmøtet blei ein vidareutvikla norsk posisjon på 2030-rammeverket formidla til EU-sida, og den 18. desember slutta Noreg seg til eit miljøministeropprop i regi av GGG.

I tillegg blei det frå høgste hald slått fast at det er naudsynt å reformere EU Emissions Trading System (ETS), som skal sikre eit økonomisk insentiv for å kutte utslepp effektivt gjennom klimakvoter. ETS er eit viktig verktøy i EU og Noreg sin klimapolitikk. Enkelt forklart fungerer klimakvoter slik at det setjast ei samla grense for utslepp. Så tildelast bedrifter kvoter for utslepp innafor denne grensa. Ei kvote gjev ei bedrift mogelegheit til å sleppe ut eit tonn karbondioksid. Dersom ei bedrift innfører miljøsparande tiltak som fører til at dei slepp ut ei mindre mengde klimagass enn dei har kvoter til, kan dei selje kvotene på ein open marknad. På same måte må bedrifter som slepp ut ei større mengde klimagass enn dei har kvoter til kjøpe nye kvoter på marknaden.

Problemet med ordninga i dag er eit overskot av kvoter. Eit forslag om å leggje til ein marknadsstabiliserande reserve (MSR) har denne hausten vore gjenstand for behandling i Rådet og Europaparlamentet. Frå Noreg si side blei det i desember utarbeida eit «non-paper», som gjorde det klart at Noreg er eit av landa som ønskjer å heve ambisjonsnivået til det opprinnelege forslaget. Noreg ønskjer mellom anna å innføre stabiliseringsmekanismen tidlegare enn det som er planlagt. I 2015 vil Europakommisjonen ta initiativ til å sjå på ytterlegare reform av ETS på sikt.

FN-toppmøtet og det grøne klimafondet

EU og medlemslanda var representert på høgt nivå under FN-toppmøtet i New York i september, der klima- og miljøminister Tine Sundtoft leia eit møte saman med dåverande klimakommissær Connie Hedegaard. Formålet var å styrke alliansen med «progressive» utviklingsland. EU kan av formelle grunnar ikkje bidra til det grøne klimafondet over sitt fellesbudsjett, men Europakommisjonen anslår at medlemslanda i EU per i dag står for rundt 50 prosent av dei varsla bidraga så langt. Det skal setjast av 14 milliardar euro over EU-budsjettet spreidd over 7 år til støtte for tiltak i utviklingsland, mellom anna til berekraftig energi.

Den nye Europakommisjonen ga tidleg uttrykk for at EU sin ambisiøse profil i dei internasjonale klimaforhandlingane ville stå fast mot Paris-møtet. Med Det Europeiske Råd sitt 2030-vedtak og eit ambisiøst utsleppsmål på plass, har EU «fornya» sin posisjon som ein leiande global aktør på klima. Noreg og EU sine posisjonar fram mot klimatoppmøtet er i stor grad like. Sundtoft har også hatt eit eige møte med energi- og klimakommissær Miguel Arias Cañete i under klimamøtet i Lima for å drøfte forhandlingane og anna samarbeid.

Miljøkritikk mot den nye Europakommisjonen

Medan klima har vore ei «heit potet», har Juncker fått kritikk for å ikkje vie miljøporteføljen nok merksemd. Mange har frykta at miljø skulle bli offer for målet om «better regulation» og mindre byråkrati. Til eksempel har både reguleringspakkar om luftkvalitet og avfall blitt foreslått trekt tilbake. Elleve miljøvernministrar i EU sende brev til utvalde kommissærar og støtta opp om å ikkje trekkje pakkane. Det same gjorde klima- og miljøminister Tine Sundtoft. Utfallet blei til slutt at enkelte forslag blei varsla trekt, men at desse skal erstattast med nye forslag i 2015. Under miljørådsmøtet i desember kritiserte dei fleste miljøvernministrane Europakommisjonen for at dei valde denne løysinga, i staden for å arbeide vidare med forslaga som allereie låg på bordet.

Genmodifiserte organismar og handelsavtale med USA

Medan nokre forslag blei trekte, fekk ein gjennomslag for andre. Eit av dei var forslaget om å redusere bruken av plastbereposar. Det er eit ambisiøst regelverk, med mål om at kvar EU-borgar skal bruke kun 40 plastposar i året om ti år. I dag er dette talet 200 per år. Det italienske formannskapet fekk også semje om eit forslag som gjev enkeltland mogelegheit til å forby dyrking av genmodifiserte organismar (GMO). Dette er ei viktig prinsipiell sak, som det har tatt lang tid å bli einige om. Land kan no be om å bli unntatt geografisk frå ein søknad, eller forby i etterkant av at vedtak om godkjenning på fellesskapsnivå er fatta.

Forhandlingane om ein felles handelsavtale mellom EU og USA (TTIP) har også vore eit viktig punkt på agendaen til EU sin miljøkomité. Det har særleg vore uro knytt til om beskyttelsesnivået for helse og miljø kan oppretthaldast i lys av eit sterkare samarbeid om regelverksutvikling, som kjemikalieregelverk. Den nye svenske handelskommissæren, Cecilia Malmström, har stadfesta at vernenivået ikkje skal senkast. Også spørsmålet om ein investor-stat tvisteløysing har vore viktig, og ein ventar at det snarleg vil blir gjort greie for resultata frå ei høyring om dette.

Les meir om:

EU sin klimapolitikk mot 2030

EUs ordning for handel med klimakvoter